Det skjer igjen-

I fjerde klasse hadde vi handarbeide for første gang. Det var i bedehuset, ein månad om vinteren, og småskulen hadde fri. Vi gjekk saman med 5, 6 og 7. klasse, og det var spanande å vera med dei store. Dei sydde seg kjolar og drakter, og strikka store plagg, medan vi heldt på med handarbeidsposar og vottar.  Dei prata om vaksne ting, synes me.  Denne vinteren gjekk det vekking over bygda, og det prega også samværet på skulen. Dei eldste gjekk på møter, og nokre av dei tok imot Jesus og endra livsstil. I staden for slagarar vart det sunge bedehussongar, og me yngre sang med. Det var tale om kva som gjekk føre seg på møtene, og alle vart vi vel meir oppteken av åndelege saker den vinteren.
Eg hadde songmøter på lemmen, og lærde opp yngre søsken i song og møteteknikk. Søster mi song " Han er tofast i går som i dag", med atonal stemme. Det var elles ikkje så mykje vi fekk lov til å gå på dei ordentlege møtene, men vi var på gudstenestene, og masa oss til eit og anna bedehusmøte.

Vekkinga som gjekk over bygda endra mange liv, og vaksne folk bøygde seg på bedehuset og endra livsstil. Det vart nytt liv i songkoret, og dei øvde inn nye songar. I indremisjonsbedehuset var det nok, medan dei som gjekk til pinsevennene vart døypte som ein del av livsendringa.  Det kunne gå sterkt føre seg, der folk  slutta å gå på dans og røyke, og det gjekk gjetord om han som tømde heimebrentkakken som ein del av snunaden i livet.

Far hadde bil som kunne brukast til å køyre folk, når han sette på overbygget og sette inn buss- setene. Særleg pinsevennene reiste omkring, og møtene var både ei veke og fjorten dagar på ein stad. Det var møter på Seim, Fammestad, Rødland og Nappane, og folket reiste trufast på samlingane. Far køyrde, og det hende at det var så mange som ville vera med at nokre stod igjen. Det var song på bilen, forbøn og åndelege samtalar.  Vel framme gjekk dei fleste inn på møtet, men ein god del ungdom var utanfor, diskuterte, kjekka seg og let som dei ikkje var interessert i det som foregjekk.
Nokre evangelistar blant møtefolket kom ut og snakka med dei ufrelste, og rett som det var, vart det nokon som omvendte seg.
Mange av pinsevennene arbeidde i Udlavågen, og dei reiste på møte på kveldane og arbeidde om dagen. det kunne vera stridt, så ein dag kom sjefen over ein av arbeidarane som sov i  udlahaugen. Sjefen meinte at mannen burde jobbe, men han innvendte: " Eg trur Vårherre unner meg søvnen".

Eg trur ikkje far tok så mykje for å køyre , ei eller to kroner for turen. Han gjekk ikkje inn på møtene, men hadde stor respekt for det som gjekk føre seg. Så venta han til folk var ferdige, også med ettermøtet, og så køyrde han om Hjemås, Hillesvåg , Leiknes og Mundal, slik at alle skulle koma heim att.
Bedehuset på Fammestad vart bygd etter denne vekkinga, og vart grunnlag for kristent arbeid heilt fram til i dag.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar