Litt tå kvart om far sitt arbeid

Far hadde Opel Blitz. Han kjøpte ny, utan lasteplan, og laga planet  sjøl, kjøpte jernplate i botn, og så hadde han eit godt lasteplan.
Far dreiv som entrepenør, og bora i fjell,  skaut ut,   og murde grunnmurar.  Lasteplanet brukte han til å frakte det han trong, sement,  rør, fenghetter og dynamitt, og ulike typar verktøy.
Han hadde kompressor ei lita først, seinare ei større. Han hengde den på kroken etter lastebilen, og drog den dit han skulle arbeide. Mange meter slange førde krafta frå kompressoren til boremaskina, som var ein eldre type enn den me ser her.Eg stod ofte nede ved vegen, og fekk beskjed om at når han ropa, kunne eg setje på kompressoren..  Det var ein knapp eller to å trykkje på, og plutseleg gjekk han . Den bråka noko aldeles forferdeleg.   Boremaskina gav enno meir støy , og ein måtte rope om ein ville ha kontakt.  Høyrselsvern var  det ikkje snakk om, og i ein alder av  40 byrja han nok å få nedsett høyrsel .                                       

Litt yngre utgåve av kompressor

Far lika ikkje alle lea som skilde eit gardsbruk frå eit anna, for det tok tid å opne alle  i sesongen. Han brukte mykje tid på snakke med bøndene for å få dei til å gjerde inn utmarka, og tilbaud seg å bore gratis i stein og fjell der det ikkje let seg gjere å få ned ein trepåle. Bøndene kunne då setje ned ein jernpåle i staden. Det var ein del som tok imot tilbodet, og gjennom oppveksten min vart det stadig fleire som gjerda inn utmarka, til glede for far og andre bilistar.
Det var og fleire og fleire som fekk innlagt vatn, og far bora brønnar og  veiter der det ikkje let seg gjere å grava. Så vart det lagt ned jernrøyr fram til husa. Det måtte vera så djupt at telen ikkje nådde ned og vatnet fraus om vinteren.
Han hadde ikkje stor tru på pinnen som metode for å finne vatn. Ved heimehuset hadde me ein mislukka brunn som ikkje heldt vatn i tørkeperiodar. Han var blitt til då bestefar brukte den metoden.
Far  såg heller på tilsig og våtlende stader når ein skulle lage brunn, og det stemte som regel.

Av og til køyrde han grus. Det kom sandskøyte til kaien på Leiknes eller Hjelmås, og grabben auste sand frå lasterommet og opp på planet.  Far køyrde grusen dit det skulle støypast husagrunn eller brunn, eller når nye vegstubbar skulle få grus. Me ungane var ofte med på køyringa, og stod på kaia og fylgde med på lossing, lasting og var med på køyringa. Det var ikkje keisamt i det heile!
Noko av sanden lagra han utanfor huset heime, så me hadde som oftast store sanddungar å leike i. Me konstruerte bilvegar og laga heile samfunn der. Men me fekk ikkje grise til sanden med blomar, lauv og steinar, for  han skulle brukast etterpå.
Det hende me sat på sandlasset, og fekk sige med siste del av sanden ned på bakken når han brukte tippen. Det var kjempemoro, og eg kjenner enno den sitrande kjensla når eg sakte seig nedover!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar