Brød og brødbil






Vanlegvis kjøpte me brød på butikken, eller mor baka.
Men etter kvart vart det  brødbil på bygdene.
Den første som starta opp, hadde bakeri på Hjelmås, i Pittersburg. ( Pittersburg var bygdenamnet på eit vertikaldelt  utleigehus bestefaren min sette opp, og i kjellaren på huset  vart det bakeri.  Eg hugsar ikkje kva bakaren heitte)
Eg trur dei køyrde rute til  Leiknes, Hodnesdal og Hopsdal  to gonger i veka, og reiste då innom og oppom dei fleste avkrokar på sin veg.
Signalet på at dei stod utanfor huset  var tuting med fløyta, ( Å bruke fløyta var varsel, og ikkje berre fare i den tida)  Igjen var det å få på seg skor og flyge ut.
Brødbilen  hadde ikkje så stort utval, men på den tida var det storveges, med vitten, siktebrød, langebrød, frøbrød og kneip. Etterkvart kom det også grovbrød, som etter det eg hugsar var finare enn grovbrødet no. Brødet låg i kassar, og vart når du kjøpte dei  pakka inn i  brunt papir og etterkvart posar.
Men det store med brødbilen frå ungane sin synsstad , var at dei hadde skillingsbollar!  Det var ikkje dei små knurpene som no feilaktig vert kalla så, men store skillingsbollar 20-25 cm i diameter, med kanel i svingane og sukker på toppen! Dei var så store at dei minste ungane måtte dele, men vi som var størst sette vår ære i å klare ein heil. Ferske, med rikeleg sukker og kanel gleid dei ned i ein svolten mage.  Det var nonsmaten den dagen.
Elles hadde dei tebrød, tebrødstenger og butterdeigsbollar, men dei var ikkje så gode.  Alt dette var og dyrare, og ingen kvardagskost.
Seinare vart det utkjøring ein gong for veka frå bakeriet til  Rognaldsen i   Alverstraumen. Dei hadde omtrent same utvalget som var nemt tidlegare. Dei  køyrde ruta om Kleivdal, til Hillesvåg ,Leiknes, Hodnesdal, Mundal og Hopsdal.

For husmora var dette eit brot på kvardagsrutinane når desse bilane kom. Ein fekk snakke litt med vaksne folk og høyre om kva som hende på bygdene. Sjåførane sette pris på kundane, og gav seg tid, og fortalde og skrytte litt av det kjerringane heldt på med..

Det var og ein lette i matstellet å få brødet på døra, for det tok både tid og krefter å elte og bake ut for hand, og steike alle emna, og alt mjølet skulle også fraktast  frå butikken og heim på førehand.

 Men me ungane gledde oss når mor hadde tid til å lage  heimebaka brød og bollar.

 Men det aller beste brødet   var likevel Martens langebrød, baka i hos bakar Martens i Bergen, og sendt med rutebåten innover til Osterfjorden. Ho mor kjøpte ein del av denne delikatessen  på butikken attåt anna brød, og me gassa oss med  dei ferske brødskivene og nytte dei til siste skorpe.. Hadde me   leverpostei frå Stabburet, og tomat og agurk  var kosen fullkommen. Skivene gjekk  ned!

           



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar