Om overnatting på Eikång, og fryseri og vareutkjøring

Leseboka, rekneboka og skriveboka vart teke ut av ranselen, og tannbørste, vaskeklut og nødvendig skift var lagt inn, og så var eg ferdig for overnattingsbesøk på Eikång. Der var det to stader å overnatte, men denne gongen skulle eg til søskenbarnet mitt, Berit, og overnatte hos onkel Ingebjørn og tante Magda.  Dei budde like nedfor Eikångvatnet, ved ein liten bekk som etterkvart rende ut i fjorden.

Ingebjørn og Magda hadde fiskebilar og laga fiskemat, så om morgonen når me vakna, måtte vi stelle oss sjølv, for begge var forlengst i gang med dagens arbeid i fiskematen.  Men me stellte oss sjølve, klauv på kjøkkenbenken om det var noko me ikkje nådde, og fekk oss mat, og vaska opp.

 Deretter var det ut for å sjå seg om,  undersøke bekken eit stykke nedover eller oppover, gå på butikkane lenger nede i bygda, ( ja for oss frå Leiknes var det storveges med butikkar i fleirtal), kanhende besøke bakeriet, eller ta ein tur opp til søskenbarna på garden.

 Dei budde i eit stort og spennande hus  for ein 8-9åring, med to stover og lem der det gjekk an å leike. Men det aller mest spennande og eksotisk var utedoen, ein tosetar med mykje plass, mykje lukt og gamle ukeblad til å tørke seg bak med, etter at ein hadde knurva sidene med hendene for å få dei mjukare.
 Men for ein lesehest som meg , hende det at eg las både eit og to noveller før eg var ferdig. Verst var det når du bladde til side 53, og så mangla den, og du fekk aldri vita om heltane fekk kvarandre!



Utanfor ropa dei om eg ikkje var ferdig, for eg var sakna i leiken. Det var store vidder til å leike gøymespel, og lett å snike seg innpå og bomme seg fri.


Onkel Ingebjørn starta kolonial midt på 50-talet, trur eg, og då køyrde han varer i fiskebilen på laurdag. Folk ringde inn  handlelistene, og dei vart notert ned, varene funne fram og prisane notert. Til å begynne med vart det rekna saman for hånd, seinare fekk han reknemaskin som gjorde jobben.
Mor ringde inn varene ho og, og om ho gløymde noko var det berre å ringje på nytt. Onkel fann fram varer til  han sette seg i bilen for å køyre.  Han køyrde Høylandsmyr, Vaet, Fyllingen og Hjelmåsbygda, Leiknes og til Mundal, trur eg.  Varekassane vart levert, og som regel stemde det. Om noko ein sjeldan gong mangla, var det å vente til neste gong, eller handle på Leiknes måndag.
Me fekk vere med å finne varer når me var på besøk, hugsar eg,  men Magda var nøye med å gå over. Her skulle alt stemme!.


Når onkel kom med varene, hadde han alltid tid til ein prat, og kanskje ein kopp kaffi. Trur det var måten å overleve på i ein travel kvardag, dette å ha tid til å stresse ned og snakke.
Vi betalte kontant, og onkel hadde vekslepengar til det meste.
I 57-58 starta  bygde onkel ny garasje, og i andre enden var det fryseri, med ein del  boksar folk kunne leige. Mor og mange med henne, kjøpte halve grisar og heile sauer om hausten, skar dei opp, pakka og merka dei, og sende dei til Eikång på fryseriet. Trengte dei noko til sundagsmiddagen, var det berre å ringje, så tok Ingebjørn kjøtet med  saman med laurdagsvarene.

Fryseriet var ein verkeleg framgang for matstellet på 50-talet.. Før måtte alt kjøt  saltast, tørkast , røykjast, eller hermetiserast for å konserverast. No kunne ein ha ferskt kjøt heile vinteren!
 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar