Overnatte

Litt kribling i magen, og ei kjensle av å vere stor!
Å reise på overnatting var ei greie i min oppvekst. Vi gjekk på skulen annankvar dag, og hadde difor  meir fritid enn i dag.
Å overnatte var eit teikn på at du meistra vaksenverda, og kunne klare deg utan mor og far for ein periode. Eg overnatta helst hos syskenborn, anten på Eikanger eller hos ho Oddveig på Leiknes.  Reiste vi til Eikanger, var vi grytidleg oppe, og var med far på arbeid, og vart att når han reiste heim om kvelden.


Skulle eg til Oddveig, gjekk eg ofte gjennom skogen, litt seinare på dagen, og hadde med det mest naudsynte i ranselen. Men det hende at ein masa seg til overnatting der og då. Eg var ofte med far då det hende, og han gav alltid lov. Det var ingen mobiltelefon for  å konferere med mor. Av og til ringde me heim og spurde henne, av og til tok han avgjerda åleine. Ringde me, så brukte vi svevetelefon, og måtte ringje til sentralen, der ho Olga på Tångjen så ringde ein kort og ein lang heim til oss, før mor tok telefonen, og kunne seia ja. I slike høve  hadde ein ikkje med tannkost, men Oddveig lærde meg at ein kunne pusse tennene med salt, eller bruke fingrane, så då var det problemet løyst!
               
Dagen var brukt til å leika. Me hadde dokkestover, anten i små hus eller berre i ei revne i terrenget. Knuste skålbrot, hermetikkboksar og glas kunne vera utrustninga, og så var det utgangspunktet fot tallause rolleleikar med mor og far og barn.

 Oddveig hadde leikestove i  nærleiken av hønhuset, så det var ekstra spanande. Dyra var trekt inn i leiken, og fekk ekstra mat og pleie. Om dei la meir egg av den grunn, er usagt. Dei kakla ialle fall.
Ho hadde ein liten leikeovn, og koppar til dokkene, så der var det mykje kaffi- og middagslaging.
Vi leikte elles  gøymsle rundt husa og i hagen, tok turar i utmarka, sykla på vegen, hinka paradis og slo ball, dissa og mykje anna som eg ikkje hugsar.

Dei vaksne berre var der. Dei ropa oss inn til mat, eller let oss skjære og smørje på  blingsar og ta dei og mjølk eller saft med oss ut i dokkestova eller under bærtrea. Slo vi oss , hadde dei plaster, krangla vi så mekla dei når det vart for gale, men dei let oss oftast greie opp sjøl. Så sørgde dei for at me kom inn og fekk kveldsmat i høveleg leggjetid. Dei var der berre, som nødvendige statistar som ikkje blanda seg inn utan at det var påkrevd.  Som vaksen er eg takksam forat vi fekk desse opplevingane, men som barn opplevde eg at dei var bipersonar  for nødvendig tryggleik forat vi kunne utfalde oss fritt.                                

 Etter nødvendig kattevask og tannpuss, var det tid for senga. Som oftast låg me i same senga, andføtes om det var trongt. Det var prating og kviskring, latter og nokre gongar på do, ( ned trapper og i kjellaren, eller ut på utedo), lese blad som ikkje var heime, og ein del hysjing frå dei vaksne, før det vart stillare og stillare, og vi søv.

Leiken gjorde at vi søv godt, og vakna til frukost og ny leik, før det var tid for å gå eller reise heim att. Litt brattare i ryggen, med meistring i blikket: Vi hadde overnatta heimifrå! Ei viktig erfaring i det å takle ukjende situasjonar, og erfare andre sine levemåtar og verdiar. Vi hadde også knytt nye bånd og sterkare vennskap til søskenbarn gjennom å sove over.  Ei verdifull sosialisering!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar