Fiskebilen hass Ingebjørn



Tut, tut...

No kjem fiskebilen!  Eg ropte det ut, og mor fekk på seg rappane  og sprang ut.  Vi ungane skynde oss etter.

Det var onkel Ingebjørn  i Eikangervåg som selde fisk hos oss. Han var grytidleg oppe og kjøpte fisk frå brønnbåt på kaia i Vågen, og la det i kassar med is, og køyrde så ruter på dagen. Først køyrde han sjølv, men etter kvart hadde han to sjåførar som køyrde for seg. Ruta vi var på tok til i Eikangervåg, og sidan dette var før vegen over Fyllingsnes var kome, køyrde dei om Høylandsmyr, Vaet og til Hjelmås, før dei kom fram til Leiknestangen.

Bilen stoppa utanfor huset, og tuta. Då visste me at no var det fiskesal.

 Utvalet var torsk, sei, hyse, av og til lange,  kveite, flyndre og av og til røykt blåkveite som var røykt av onkelen min i det lokale røykeriet . I tillegg var det salta fisk, lettsalta og salta på bilen. Sild og makrell i sesongen for det, likeså lever og rogn.
 Mor var nøye på fisken. Blaut halvdaud fisk var ikkje god vare, så ho saumfor fisken før ho kjøpte.
Heimelaga fiskemat var det og, både fiskekaker og fiskepudding. Dei var laga av Magda, tanta vår.  Ho mol fisk og steikte kaker og pudding som var på bilen dagen etter. Ingen kunstige tilsetningsstoff der i garden. Det var fisk, mjølk og krydder.  For oss ungane var dette det beste, for vi fekk smaka nylaga kaker når mor kjøpte det. Det var snop!




 Kjøleskap hadde me   ikkje, så det var å lagre i fisk og fiskemat i kjellaren. Innkjøp til meir enn 2-3 dagar var ikkje aktuelt, om ikkje ein kjøpte saltafisk, då.
Seinare tok dei til å selja frukt på fiskebilen. Då vart det gjerne eit eple til kvar av oss ungane.


Fisken vart betalt kontant, i sjeldne høve skrive til neste gong.

Fiskbilen hadde og ein sosial funksjon. Sjåføren fortalde nyhende, og gav seg alltid tid til ein liten prat. Så reiste bilen vidare, og tuta utanfor neste hus. Ny fiskekjøparar var på veg ut.
Sjåføren var ei tid og frå Leiknes.  "Svingen" var ofte  på kaia i Eikangervåg klokka seks om morgonen, hjelpte til å  lasta fisk frå brønnbåten, lasta bilen, køyrde ruta , og returnerte til Eikangervåg, lasta av bilen og reiste heim til Leiknes att. Lange dagar, men han klaga ikkje for det.

Fisk kunne ein få på andre måtar og . Ein kunne fiske den sjølv, eller kjøpe hjå naboen som fiska. Grytidleg på morgonen kunne  også ein vere på kaia, der fiskarar la til for å selje litt av fangsten frå natta.

Men dei fleste handla nok på fiskebilen. Eg trur han kom på ein fast dag ein gong  for veka.  Det hjelpte nok til for å variere kosten, og gjere kosthaldet sunt i ei tid utan kjøleskap.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar