Meistring.

Skip ohoi !  Langt oppe i bjørka sat eg, og såg vidt utover. Det å klatre i tre var ein livsstil, og eg såg alltid etter om eit tre kunne klatrast i. Dei beste var bjørk, og older, medan gran og furu var verre å klive i, særleg grana, for den var ofte tett, og hadde mange barnåler.
Nede i kanten av tomta stod ei ask som var fin å bevege seg i, og eg prøvde også å lage meg hytte der, men greinene var for småe. Eg klatra i epletre og plommetre, og det gjekk vel med nokre kvistar og greiner som var for speie, sjøl til tyngda mi.
Litt arveleg belasta var eg nok når det galdt å klatre og kome meg oppover, for eg såg seinare bilete av far min som stod i øvste matetoppen på ein båt. Typisk, stod det i kommentaren. Så eplet fall ikkje langt frå stammen-.

Når du sat der høgt oppe og hadde utsynet, kjende du deg som ein sigerherre som hadde erobra verda.



Sjølsagt måtte også mindre sysken innviast i denne vedunderlege verda. Eg kan ikkje hugse at alle var like begeistra, men då me flytta til Flossvika stod det ei flott klatrefuru i utmarka hass Arthur. Den var stor, og hadde fine kraftige greiner nedst.  Vi var ofte oppe ved den og leika oss. Først drog me tvillingane på eit og et halvt år over utmarksgjerdet, og fekk dei med oppover i marka. Vi skulle jo passe dei, det var ein del av daglege plikter. Men mor hadde jo ikkje sagt kvar!
Sjølsagt måtte jo dei like å klatre og, så eg sette dei overskrevs over neste greina, og let dei klamre seg fast, medan eg held dei i tilfelle dei skulle sleppe taket. Dei mukka aldri, men eg har heller ikkje høyrt at dei vart så ivrige på å klatre seinare. Det vart vel traumatisk greie for dei. Når dei var lukkeleg nede på jorda att og fekk nokre kongler å halde i, forsatte eg oppover i furua, og kunne sjå heilt heim, der mor stulla med sitt i hagen, uvitande om  kva vi heldt på med.


Meistring kunne vere så mangt. Vi dissa mykje.
Dissene  var ofte tau festa i ei stor sterk grein, eller det var ein planke frå eit tre til eit anna der ein festa tauet. Nokre hadde til og med  heimelaga dissestativ . Ei fjøl med hakk i endane var dissesete. Oftast var det to disser på stativet, ei for små ungar, og ei for større.  Der kunne du sjå kven som dissa høgast, du kunne hoppe av i fart og sjå kven som hoppa lengst.
I dissa  kunne du også  huske roleg fram og tilbake og prate med sidemannen i den andre dissa. Der løyste du dagens problem, du fortalde vitsar og skoser, eller historiar fra skule og kvardagsliv.
På mine eldre dagar har eg snakka med mor om balansekunsten. Vi balanserte på vegkantar og murkantar, og i staden for å gå vegen, var det ofte ein balanserte på murane der det var høve til det. God trening, og fin meistring det og.


Men det som mor mi og eg hadde felles, var å balansere på steingardar. Det hadde ho gjort, til tross for at ho ikkje fekk lov hjå si mor, og eg gjorde det same til tross for at eg ikkje fekk lov av mi mor. Mødre hadde mykje å gjere, og når du var ute, var du stort sett utanfor augnesynet til opphavet.
Det gjekk steingjerde langs øvre del av tomta, og det var ein kunst å gå frå eine enden til den andre, og vite kvar det var farlege parti med steinar som ein måtte hoppe over eller forsere på ein bestemt måte for å kome forbi. Ein måtte ikkje rive dei ned, for då vart ein oppdaga. Nokre stader vaks det tre over steingarden, og då måtte ein smøyge seg under for å kome vidare. Det var eit nederlag å ikkje klare å forsere slike hindringar.  Borte hos bestemor var det store graner, og greinene låg så tett opp på  garden at ein måtte hoppe ned.  Det var minuspoeng.
 På Flossvika var det steingardar ned mot sjøen. Dei var ustøe, men tamen var større, så eg kom meg som regel velberga ned, utan å verken rive eller hoppe ned. Siger!  Mester på ny!!





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar