Nasjonaldagen



17.mai var ein festdag, saman med julaftan, fødselsdag og jonsok.
På skulen øvde me til den syttande, eller nasjonaldagen, som me ofte sa. Vi sang songar, så -Vi ere en nasjon vi med, Fagert er landet og Guds signe vårt dyre fedreland var innøvd fra 2-3. klasse, og me ungane song med på allsongen når dagen kom. Det var  ikkje musikk, anna enn at eit par år gjekk det ein med trekkspel framst . Vi øvde på å gå i tog, og fekk streng innstruks om å halde flagget høgt opp i lufta, og ikkje vanære det ved å la det subbe i grusen. Det var ikkje mange år sidan det var forbudt å bruke flagg, og flagget måtte haldast i ære. Me lærte om Eidsvollsmennene og enig og tro til Dovre faller, og me lærte om kongen og fridommen me fekk i 1905. Det siste og verste var tyskjen som tok frå oss retten til å bruke flagget i 5 år.
Dagen rann, og flagg small i vinden. Det var lausprett og kvitveis og blomstrende rips. Dei song nasjonalsongar og salmar i radioen, og det var  høgtidssame talar for dagen, alltid med referanse til krigen som hadde vore. Me ungane var tidleg ferdige, og etter kvart kledd i finklede med kvite strømpar, med formaning om å ikkje skitne oss. Noko som ikkje alltid var så lett, med sandungar, grønt gras og søledammar utanfor døra.
 Då eg var ni- ti år, sydde mor bunader til oss 4 jentene, og me var så fine, så fine. Foldeskjørta var vanlege foldeskjørt, og det var blondar på forkle og skjorter, og belta var av bånd,  men me hadde søljer, og eg som var eldst hadde ærvd ein brodert brystduk med nokre perler på! Eg  speila meg gong på gong, og syntest eg var fin. Mor hadde som vanleg sete lenge opp for å få sydd alt ferdig. Me kalla også bunader for nasjonal.

Toget, eller prosesjonen gjekk anten frå Hodnesdalen eller  Mundal, seinare og frå Hillesvåg. Det gjekk flaggbærar først, og så fylgde ungane opp, fleire i breidda. Dei vaksne gjekk sist, dei fleste under fana til ungdomslaget, som vel var den einaste fana i bygda. Vi song, unge som eldre, avbrutt av 3x 3 hurra når vi møtte nokon som var for seine til toget, og slutta seg til undervegs. For oss ungane var det viktig å halde plassen sin, men dei vaksne tok ikkje det så nøye.
 Dei første åra eg minnes var det nokre som brukte dagen til å setja poteter, men det vart snakka om. Ein gjorde ikkje slikt, og særleg no når vi hadde fått att fridommen.
Feiringa var i ungdomshuset, med laang tale, syntes me ungane. Me var oppdregne til å sitje i ro, dei fleste av oss, så vi heldt ut. Det einaste som var lov, var å gå på do. Utedoen hadde to hol, og var soleis sosial, men elles lukta det som det skulle på ein slik stad, så det var jo ikkje verande. Etter tale og allsong var det opplesing og solosong, allsong igjen, og kanhende nokre dikt til, eller ein skuleklasse som hadde øvd inn noko.

                              

Så kom matøkta, med suppe og saft, for dei vaksne, og brus og kjeks for borna. Dei første åra hadde me brusflasker og kjeks som var kjøpt på butikken, for det var billegare, seinare kjøpte me på staden. Raud Perle og Bruse og Tomkjeks var favoritt.
Eit år skulle dei selje is. Det gjekk gjetord om dette på skulen i minst 14 dagar, og me ungane gledde oss. Mange av oss hadde ikkje smaka is før, men var overbevist om at det var godt. Isen var kjøpt inn og lagra  eit mjølkespann  i ishuset på meieriet. Då dei kom med den, var ikkje far i nærleiken. Han hadde pengane,  og før han dukka opp, var isen seld. Dei hadde kjøpt inn altfor lite til ein solskinnsdag, som dette var. Det vart tårer og sorg, inntil ein vaksen som hadde vore så heldig  å få kjøpe, forbarma seg over meg og syster mi, så vi fekk ein på deling. Dagen var redda!
Deretter sprang ungane om kapp, klasse etter klasse,  det var stafett og unge og eldre  prøvde kreftene med å dra tau. Så var det premieutdeling. Alle fekk premie, men kappspringinga var på tid, så her var det førstepremie, andre- og tredjepremie i alle klassar, og så premiar til resten. Eg fekk alltid premie frå slumpen.
Dagen etter gjekk alle i finklede på skulen. Kleda var jo skitna til, men det vart liksom ein mininasjonaldag den dagen og, der dei som hadde nasjonal brukte den, og vi fekk litt ekstra leiketid, og kanhende hadde me att litt kjeks frå dagen før, og mor hadde spandert saft. Vi song nasjonalsongar, og tok på ein måte farvel med den store fridomsdagen.

   

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar