I våre dagar kjøper ei heimelaga syltetøy  frå Lærum, eller finn bær i kjøle- eller frysedisken hjå kjøpmannen  når ein treng det.
I min barndom hadde nesten alle bærtre i hagen, solbær, rips, bringebær og stikkelsbær var dei vanlegaste, men kirsebær var og i ein del hagar. I tillegg plukka ein ville bær om hausten, mest blåbær og tytebær. Det var ein del av matauken, og viktig for å få matbudsjettet til å gå i hop.
Mor og far sette bærtre med same dei flytta inn i nytt hus, og dei første åra verna mor om bæra og handsama dei som veldig verdifulle. Dessutan plukka ho bær hos bestemor, og av og til hos tante og onkel, eller andre naboar som hadde hatt bærtre lenge, og dermed hadde for mykje. Me ungane var med, og det for nok like mykje i munnen som i spannet, men det var ein del av gamet.


Bringebær hadde vi sjølv, og det var det mykje av, så lenge vi budde på Leiknes. På Flossvika kjøpte me av naboen dei første åra, seinare vaks det til hjå oss og.
Men arbeidet var ikkje ferdig med det. Vi hadde ikkje fryseboksar, så når bær skulle vare vinteren over, så var det safting og sylting.  Når vi safta, måtte først flaskene vaskast, skyljast og steriliserast. Etter flaskene var vaska, vart dei lagt i steikeomnen for å bli desinfisert. Når bæra hadde kokt på sakte varme lenge, slik at safta kom ut, vart ho silt i linduk, og safta vart gjeve eit kort oppkok med litt sukker.


Den kokande safta vart hella på dei varme flaskene som vart tekne direkte frå omnen. Så vart flaskene korka med vinkorkar. Dei kalde flaskene fekk etikettar, og vart sett i kjellaren til bruk utover vinteren. Det var om å gjere at safta ikkje gjæra, for då var innhaldet ubrukeleg.
Den beste safta var sjølsagt solbær, og rein solbærsaft var til fest, og når ein var forkjølt.
Elles var det ripssaft, og blandingssaft. For å få mest mogleg ut av bæra, vart det ofte restane etter første saftkok koka på nytt med meir vatn. Andregangskoket vart kvardagssaft, men prosedyren var den same.
Syltetøy skulle kokast raskt opp saman med sukker. nokre brukte og Atamon for å få syltetøyet stivare. Syltetøyglasa måtte steriliserast, og dei beste glasa å bruke var Norgesglas med gummiring, glas og skrukork. Etterpå  vart syltetøyet voksa med syltevoks. Voksen vart smelta, og tømt over syltetøyet.  Etikettar vart skrivne på desse glassa, og dei vart også plassert i kjellaren for bruk til vinteren.        

(Når syltetøyet vart teke opp og skulle etast, fungerte syltevoksen som tyggegummi for oss ungane. Det var smaklaust, og smuldra etter kvart opp, men det var meir på kjøkkenet).    

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar