Med mor på bytur. Me tek rutebåten.

-




Ver så god , neste! Frisøren  viste korleis eg var klyppt bak, og rista forkledet  før syster mi tok plass i stolen. Me var hos frisør i Bergen, etterat mor hadde gjort eit mislykka forsøk på å klyppe oss, og deetter resolutt teke med  4 stykker til  byen for å bli klyppt. -Dei kan ikkje gå med huver lengre no, sa ho. - Ja, eg ser du har forsøkt å klippe, sa frisøren.



Å reise til byen var annleis  for 60 år sidan. Du sette deg ikkje berre i ein bil, og 30-40 minutter etter steig du av på Tyskebryggja. Nei, du pakka omhyggeleg ranselen kvelden før med penalhus og teiknesaker, og etterkvart ei bok, og vart vekt  halv seks morgonen etter, og sat og streid med mjølkeglaset og den obligatoriske skiva. I i nokre tilfelle vart kravet redusert til ei halv, og så var det å smørje mat, og ta med saft. Det var for dyrt å kjøpe på båten, så mat måtte ein ha med.
-Nå kan de byrja å gå, sa mor, og me gjekk . Vi såg båten inne fjorden, og visste kor lang tid det tok. På kaia var det folk, og nokre dyr som skulle til slaktehuset. Båten fløyta, og la til kai. Mannskapet la ut landgangen, og folk og dyr tok til å gå ombord. Men kvar var mor?  Jau, der såg vi ho i fullt tan oppe i Tångabrekka, og vi  steig ombord. Ho nådde oss att, og me fann ein plass, nede hvis det var Hosanger, og oppe om det var Bruvik. Då hadde du fin utsikt på heile turen, og kunne sjå ned på dei som gjekk av og på.

Båten var ein fin reisemåte, der du hadde tid til å prate, sova litt eller lese, og sjå på folk som gjekk av og på.  Me var til slutt innom Slaktehuset, som oftast utan komplikasjonar, anna enn at ei ku eller okse rauta sårt fordi dei stod foran siste reis, og det å bli heisa opp på land kunne sikkert verka farefullt på dyra.
Så gjekk ferda til Tyskebryggja, og ferdafolket steig i land.
Vi hadde altså unnagjort klyppinga, og kunne leggja huvene i ranslane. Bergen var stor, og det var mykje som skulle gjerast unnan på kort tid. Mor skulle ha kledeplagg og skor til nokre av oss når me først var med, så vi fylgde etter så godt vi kunne, medan dei minste var leidd av mor. Øvregate hadde sine butikkar, og stundom var det Kløverhuset, som var så stort at du gjekk inn på Strandkaien og kom utatt i Strandgata!. Det var heis for å kome opp i etasjane, og avdeling på avdeling å gå gjennom. Mor kjøpte tøy og sydde klær,  så ho var alltid innom tøyavdelinga. 
Når seansen handling med barn var unnagjort, og me hadde vore innom ein bokhandel og ein matbutikk og kjøpt skillingsbollar , så var vi leidd tilbake til båten, og plassert ved eit bord , medan mor skulle ta dei siste ærenda.
Vi hadde kanhende litt lekser å gjere, kanhende hadde vi fått papirdokker eller glansbilete, eller fargebøker. Vi drakk  saft, åt store og gode skillingsbollar og fekk tida til å gå med  leikesakene, eller såg på folkelivet. Folk kom med ryggsekker, koffertar og vesker, eller hadde handlenett.   Dette var før plastposane si tid.Ja, det var til og med dei som hadde kiper
Folk  hadde handla, vore på sykehus eller til spesialist, trekt tenner eller fenge baby. Alle reiste med båten. Dei hadde tid til å prate, til å ta ein kopp kaffi eller nyte medbrakt frå termos. Dei såg kjentfolk frå andre sida av fjorden, og fekk vite nytt.  Han Johan tok kanhende fram trekkspelet, og han Ola hadde vore innom Polet og tok seg ein tur på toalettet og smaka på varene
.
 Vi tok fram glansbileta, for  vi hadde alle metallboksar med slike bilete. og bytte glans. Eg   lurde kanhende dei yngre til å tru at to glans for eit var bra byte, sjøl om det store eg fekk var  større og finare.


- Men kvar var mor? Båten ringde første gong, og ho var der ikkje. Andre gong, og no byrja me å bli nervøse. Eg truga dei minste til å sitja i ro, og gjekk ut for å sjå. Endeleg , då båten ringde for 3.dje gong kom ho springande over  bryggja. Ho var med dei siste som kom ombord denne gongen og. Ein gong bakka båten inn att for å ta henne ombord. Det var mangt å kjøpe til eit stort hushald når ein først var i byen. Handlelista var lang.
Ho hadde vore på kjøtbasaren og kjøpt kjøtdeig og pålegg, hos Friele og kjøpt kaffi og på torget å kjøpt frukt, og sikkert andre ting.
Hjarta hennar fall vel på plass ein stad ute ved Hellesneset, og ho drog fram eit vekeblad eller eit spøt å trøytte tida med. Kanhende var det kjentsfolk frå andre sida av fjorden eller Eikanger å snakke med, og så måtte ho skille ver og vind mellom oss ungane.  Ein sjeldan gong kjøpte ho kaffi,
I  fem- sekstida var vi på Tångjen att, trøytte ungar og ei sliten mor gjekk opp brekka, mot brua, opp neste bakke  og heim. På Flossvika ser vi båten  reise  forbi Fyllingsnes og mot Eikanger.
Ein lang dags bytur var slutt.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar