Den tid hoggormen var fredlaus


Det var den tida då folk ennå trudde at kultur betydde kultivering, at sivilisasjon betydde utrydding av rovdyr, og ormen kraup på jorda som straff frå Gud.
I 4. klasse lærde eg å forsvare meg mot hoggorm i natufagstimen, og læraren teikna på tavla og illustrerte - Når hoggormen kjem krypande, skal du slå han i hjel. Du kan bruke ein stav, men det sikraste for ungar er å bruke to steinar. Den første kastar du på ryggen hans, for då kan han ikkje reise seg og bite, og den andre kastar du på hovudet, og då er han daud. Deretter sparkar du han utfor vegen, og er det ei maurtue i nærleiken kan du bere han på ein staur, og legge  han dit.
Han teikna både steinar og orm, så lærdommen sat.



Sumaren var varm og fin, riktig ein sumar for hoggormen. Me hadde flytta til Flossvika sumaren før, og der hadde det vore eine og ur, riktig eit eldorado for giftormar. Far sprengde tomt og rydde land, men det var enno litt eine og urd i utkanten av tomta, og eit steingjerde der beista nok trekte seg tilbake for å sondrer terrenget, og sjå om sivilisasjonen var varig. Det var den nok, og 4 ungar syrgde for liv og røre. Veret var varmt, og sjøen var nedanfor, så ormen søkte dit, for å kjøle seg.
Ein dag vi var ute, kom ein krypande over vegen. No var tida for å prøve ut lærdommen i praksis!Eg kommanderte småsøsken på avstand og fann kjapt ein stein. Den råma der den skulle, midt på ryggen, og dyret freste utan å kome vidare. Stein nr. to råma og der den skulle, og hoggormen var daud. Den kunne ikkje formere seg, ikkje bli fleire. Ein orm mindre, eit problem mindre. Han vart skuva forsiktig ut i vegagrøfta, der han etterkvart var borte. Eg var dagens helt blant sysken og andre mindreårige!
Ein annan gong kom eg opp Sudmannsbakken då eit svart stort utyske kravla over vegen. Sikksakkstriper og det heile, så eg kasta sykkelen og fann steinar. ( i den tid var det grusveg og vegakantar med store steinar. Bilar var og sjeldan, så sykkelen låg trygt. Same prosedure as before:  Hoggormen avleid, og eg var sigerherre! Eg stod ikkje på hovudet hans, for han kunne jo leve litt til, og eg hadde sandalar og tynne labbar. Men det var ei maurtue ved vegen, og eg fann ein stokk og kasta den oppi. Neste dag var det berre nokre beinrestar att. Ingen sorg, ingen saknad, berre glede over ein overvunnen fiende : )
Legg til bildetekst

Som sagt, sumaren var varm. Eg tok ca. 10 ormar det året, og har alltid seinare kjent på meistringsfølelsen det gav ( Sorry naturvernarar, det er sant! Give me the child until it is seven, and I will give you the man, seier Aristoteles).
Når vi skulle plukke bær, gjekk vi i ormens rike. Gummistøvlar og tjukke leistar, og vi trampa litt når me gjekk. Det var tryggast å vera fleire, for då høyrde ormen lyden og forsvann. Ja, for den skulle vera feig.  Ja, til og med katten var til trøyst om han fylgde oss. Fordi den var minst, ville ormen ta han først, trudde me.
Me fortalde kvarandre historier som var heilt sanne om kjerringa som raka attmed eit tre, og plutseleg kom det dettande levandre, fresande ormungar från ovan.. Hoggormen hadde klive opp i treet for å føde. I vår fantasi var ungane store og klart til å bite. Dei var ikkje feige, men offensive.
Vart du biten, skulle du skjere i bitet, syge og spytte ut så mykje som mulig av gifta, og gå sakte til næraste bustenad, fordi om du skunda deg ville gifta gå fortare rundt i systemet, og du kunne dø. Vi hadde høyrt at hadde du holtenner ville gifta gå inn att i systemet, og du kunne krepere. Det verserte også fleire soger om folk som kom til doktor med ormebit i siste liten, eller at dei døde på vegen.Dei vart blå, vart det sagt.  Jau, hoggormen var ein fiende, og det var eit fiendskap mellom hans ætt og vår ætt.
I fjerde klasse lærde vi og om Tor og Midgardsormen. Tor var jo ein helt. Eg høyrde at nokre gutungar var ute og rodde på sjøen, då ein hoggorm kom symjande. I motsetning til Tor, som lyfte ormen sin opp, prøvde dei å dukke ormen under vatnet med åra. Litt dramatikk vart det då ormen prøvde å snurre seg rundt åra, men dei rista han av, og han enda livet sitt i dei våte jaktmarkene. Stor sigerfest for dei innvolverte. Ingen syrgde!



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar