Bergen- staden der me strilane var på handletur

Bergen var storbyen i mine unge dagar.  Med lyskryss , parkeringsplassar, store hus og mykje å oppleva.





 Sundt var eit anna stort kjøpesenter med mange  etasjar, avdelingar og mykje auga. kunne bli mett av å sjå på. Der  og på  Kløverhuset hadde dei juleutstillingar, og levande nisse der du kunne fortelje kva du ynskte deg til jul. Det var alltid så stor kø at ein travel strilefamilie med hundre ærend hadde ikkje tid til å stanse, men vi beundra jo vedunderet, og hadde sett nissen når vi kom heim att til vesle Leiknes. Ikkje alle hadde sett ein levande nisse i dei dagar! Det var julepynta , og det klang julesongar over høgtalaranlegget då du gjekk og prøvde å finne julegåver for dei få kronene du hadde fått med til formålet.
 Sundt hadde rulletrapp, endå eit vedunder som ein måtte prøve, sjølv om ein ikkje hadde ærend i dei høgare etasjane. Tenk å kome seg oppover utan å bruke beina! Utviklinga var kome langt, syntes me,
og tok trappa ein gong til.

I Øvregate låg spesialbutikkane på rad. Der var det paraplybutikk som berre selde paraplyar, og der du fekk reparert  øydelagde , om dei ikkje hadde vrent seg for mykje, då.  Det var jo dyrt å kjøpe nytt!
Det var det hattebutikk, der du kunne kjøpe nye hattar, få reparet dei, eller kjøpe alt ei dame trengte av tilbehør, sjal og hanskar.  Mor kjøpte seg hatt fleire gonger, som det høvde seg for ei dame. Ho kom heim att med  svart hatt med slør som passa til den svarte kåpa si, og hatt med lita fjør til gabardinkåpa.  Skaut var til kvardags, hatt var til fint, til byturar og begravelse.  Vi ungane beundra mor når ho viste fram den nye hatten. Ho var byfin, då,!

På Bryggen var det sykkelbutikk, der du kjøpte ventilar og lappesaker, og ein sjeldan gang kunne ein kjøpe ny sykkel. Eg som var eldst, fekk to syklar, ein liten blå og seinare ein litt større Svitun sykkel. Det var glede og himmelrike å trille sykkelen bort til bilen  då vi skulle heim.Begge var dame, sjølsagt, og var flittig brukt. Dei  yngre søskena mine  arva syklane, og eg trur alle lærde seg å sykle på veslesykkelen.
Bryggen hadde kaffibutikk, der mor kjøpte nymalen kaffi, og trekte kaffi for å nyte når ho kom heim. Frukt- og grønsakbutikk som ein som hadde slektskap til Leiknes eigde, og som vi sjølsagt kjøpte hos når me ikkje handla  på Torget. Ferske grønsaker måtte vi  kjøpa  i byen, om ein ikkje dyrka  dei sjølve.

 I Kjøttbasaren selde mange  slaktarar  kjøt, og staden var enorm stor, syntes me ungane. Du kunne gå frå eine slaktaren til den andre, og kjøpe litt her og litt der, eller kjøpe alt på ein stad. Mor kjøpte alltid røykte skinkeknokar, som vart til suppe av ymse slag, saman med nyinnkjøpte grønnsaker. Vi kjøpte også oppskore pålegg, og berre peika på kva vi ville ha, og fekk skore opp  eit eller fleire brett. Særleg til jul var det viktig å ha litt ekstra.
Bergen hadde alt ein stril trong, og litt til!


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar