Leik med andre

-

-Du har han. Eit liten berøring , og du var innehavaren av tikkjen, og måtte springe etter ein eller annan for å bli kvitt den.
Vi var sosiale, og leiken var ein viktig del av samværet mellom oss borna. Vi leikte slå på ringen og siste par ut, slåball, kanonball og fotball.



Vippe pinne var så visst som våren. To steinar, ein kort og ein lang pinne, og to lag. innelaget vippa den korte pinnen med den store, og la den  pinnen oppå steinane, og, ein frå utelaget prøvde å treffe den veslepinnen. Traff han, var det nestemann sin tur, traff han ikkje målte ein lengda med den lange pinnen og fekk alen. Så slo vi den vesle pinnen med den store, og slo du to gonger, kunne du måla alen med veslepinnen.   Vi heldt på med denne leiken i månader på skulen.
Elles leika vi gøymespel i mange variantar. Rundt huset, i hagen, inne i uthus var det mange gøymestader. Ein stod, og telte til 100, og alle gøymde seg. Av og til var det berre å bli funnen, andre tider måtte ein liste seg fram til teljestaden og bomma, og då sette ein og ein av dei funne fri. Du måtte då liste deg bakom buskar, tre og husnover for å nå fram for å bomma, og risikoen for å bli sett og teken var stor. Spaning i kvardagen!






Boksen går var ein variant av denne. Då var det om å gjera å nå fram til boksen og spenne i den. Tomme hermetikkboksar var fin til denne leiken. Mang ein Bjellands fiskebollar enda sitt liv med å fare veggimellom under boksen går.
Av og til starta heile flokken i sørenden av den vesle skuleplassen med kvar sin pinne. Ein sat på gjerdet i nordenden, og medan han talde eller ikkje såg, var det om å gjere å utvide territoriet sitt, ta land, slik at ein kom nærare og nærare gjerdet i nordenden. Den som klarte det først hadde vunne.
Variantar av denne leiken var mange. Den som sat på gjerdet kunne rope ut bokstavar, fargar eller bruke rødt, grønt og gult lys som signal til å gå, stoppe eller snike seg fram. Det var alltid ein fordel å være i ein av utkantane av synsfeltet til den som stod, for då var det lettare å snike seg fram. Kranglar om posisjon var og fine, for dei som ikkje var involvert, kunne då forsere fortare, fordi ein ikkje kunne vere krangle og sjå alt samtidig.
Hadletikkjen gjekk ut på å gå rundt huset. Når du heldt deg i nøvene, var du  safe. Når du sprang mellom eit av sidene og vart sett, var du tekjen. Her kunne du og bomma fri dei som var tekne, men då måtte du springa frå husnøva og til bommestaden, og det var risikabelt.
Vi hoppa tau, anten ein og ein, eller fleire i lag. Anten hoppa ein på tid, og tellte oppover til hundre, eller ein hadde ulike variasjonar, som to hopp, eit baklengs, to svingar med tauet, og så hoppe igjen. snubla ein i hoppinga, var ein ute, og ein annan overtok.



Brukte vi svingtau, hoppa  fleire. Det var  to som svinga, og så hoppa to-tre inni, hoppa nokre gonger, hoppa utatt, og to nye hoppa inn . Her og kunne ein variere antall hopp, og om ein svinga til høgre eller til venstre.
Me hoppa høgde og lengde, med og utan tilløp, gjekk på stylter og balanserte.
Våren var og tid for paradis. Det var ulike variantar, med firkantar og trekantar og halvsirklar, og med stein som ein kasta til den ruta ein var komen til, og så var det hopp, hink, dobbelhopp og eg hugsar ikkje kva . Du kunne krysse ut ruter du hadde klart, og dermed gjere det vanskelegare for medspelaren din.
Å leike var ein del av livet. Du leika. lærte, øvde ferdigheiter og lærde samspel. Leiken var på mange måtar førebuing til livet.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar