Var me fattige? Det var me nok ikkje, men heller ikkje rike.


 Det var mat på bordet kvar dag, og me hadde klede og sko. Me kunne få snop og byturar, og vi fekk bøker og leikar. Nokre leiker var heimelaga, og dei første dokkene mine hadde kjøpt celluloidhovud og heimesydd bol. Men like ofte laga me oss leiker sjølv, og vi lånte bøker i skuleboksamlinga og den offentlege boksamlinga. Det var mange draumar som fekk sin slutt med orda: " Me har ikkje råd".

Men leistar og sokkar vart bøtte når det var hol på dei,og nokre var reine lappeteppe etterkvart. Leistabrotet kunne bli brukt til nye leistar, medan labben vart kasta.  Mor bøtte gensarar og strikketrøyer, og strikka nye brot på dei. Av og til rekte ho opp garn, og strikka nye plagg.

Vi hadde bøter på buksene når det vart hol på dei.  Mor skifte glidelås som var øydelagde, og sydde i knappar som mangla. Det var kjeft å få når me hadde laga flengjer i kleda, eller slege hol på eit buksekne. Me ervde klede og sko, og klede vart skøytt på i ein annan farge, eller sydd om.
Eg kan hugse at ei skuleveninne ikkje kom på skulen fordi systra måtte bruke gummistøvlane. Det var litt rart, syntes me, men ikkje alle hadde råd til å halde alle ungane  med støvlar. Vart det hol på støvlane, vart dei bøtt med lappar som ein bøtte sykkelslangar med.
Me  åt restar etter middagen til kvelds, hadde graut, og drøydde maten med poteter, kveitemjøl og makraroni.Det var ordre om å ete poteter til maten, ikkje ta for mykje pålegg, og å ete opp det som var på tallerken. All mat skulle smakast på.  Suppe var ein del av middagen. Restar kunne brukast i brøddeigen, eller dei fleste hadde dyr som fekk restar. Både katt og hund fekk leivningar, fisk, fiskeslo, poteter og skrell i brun saus. Labb og kva det no heiter, allt dyreforet på hyllemeter etter hyllemeter, var enno ikkje kome på landsbygda. Hundar åt avfallet, basta.



Vi gjekk mykje, eller sykla. Å ta ein tur til Hjelmås å besøkje bestefar ein ettermiddag var greitt, eller å selje lodd for ein eller annan basar var og lett, sjøl om det innebar å gå alle tre dalane, og kanhende ein tur til Sjauset og Sætre og. Me gjekk til Hjelmås i banken og på Bygdekino, og når me var eldre på møter og fotballkampar i nabobygdene.

Vi fekk  stiklingar av bærbusker  hjå  naboar og slekt, og både stikkelsbær, solbær rips og bringebær i hagen.. Vi hausta bæra, sjølsagt, og det vart til syltetøy og saft,  konservert på gamlemåten, og lagra i  frostfrie kjellarar. Vi plukka bær i utmarka, og blåbær, blokkebær og tytebær var bruka til saft og syltetøy. Nokre laga og rognebærgele, men den var ur, og mest brukt til finare middagar. Eple, plommer og pærer vart sylta eller hermetiserte og sett i kjellaren til vinterbruk.
 Staudene i hagen var planteskot  frå naboar og slekt, og ringblomst, stemorsblomst og blomkarse  sådde me  av frø me hadde spart frå året før.


Potetene var restar etter hausten  året før, og dei vart skore opp og lagt til groing, forat dei skulle vekse fort opp.
Åkeren vart spadd for hand, og potetene lagt i jorda.  Gjødsel hadde me frå gris eller høner, eller spurde om å få litt frå det rikhaldige gjøselkjellaren til naboen, han Hans, Han hadde både sauer, kyr og hest.


Mor hadde blomar i vindauga, det meste avleggjarar fra slekt og venninner. Det heitte seg at avleggjarar skulle ein ta utan å spørje, for då vaks dei best. Avleggjarane stod i ein hankelaus kopp med vatn på kjøkkenet, så dei sette røter, og mor var ute og fann god plantejord einstad  på tomta. Ein kjøpte jo ikkje slikt!


Sydenturar var ikkje på tale.Når Vidar Sandbeck song " Der skulle vi ha vøri, Karl, " så var det uttrykk for at dette var utopi, ikkje noko oppnåeleg.
Arthur på Kleiva hadde spara seg til ein tur til Junaiten for å treffe dotter si, og kom heim att med ein blå traktor, den første i Dalebygden. Det var sensasjon.
Nokre karar hadde vore sjømenn i sin ungdom, og var rekna som litt eksotiske av den grunn, men fann sin plass i bygda som fiskarar eller bønder, og glei inn i det daglege.

Elles tok ein turen og vitja slekt, og i den tida var det langt å besøkje folk som budde i Indre Arna , for ikkje å snakke om Voss. Omkrinsen var mindre, og mange hadde ikkje hatt lengre turar  enn til Bergen.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar