Ei lita syster



Jormora hadde kome over fjorden kvelden før. Tante Bergitta, den ugifte tanta til mor  frå Mundal kom og . Ho pleidde å hjelpe til ved heimefødslar. Denne gongen skulle mor fø heime, fordi ho hadde god hjelp, medan ho hadde født i Bergen då søster mi vart fødd  to år tidlegare.

Eg hugsar enno  vaskekluten som hardt ,fort og effektivt for rundt i det vesle fjeset mitt. Det var tidleg morgon, og me hadde blitt vekt og fått beskjed at no måtte me opp.  Me fekk vel i oss eit mjølkeglas og ei halv skive, før me i halvmørket  vart skyssa ut i bilen. Mine to yngre søstre og eg vart plassert i forsetet på Opel Blitzen, og skulle vera med far på arbeid. Han arbeidde på tomten til det nye huset han skulle byggja på Flossvika.  Husagrunnen var nesten ferdig, og det låg store steinrøyser rundt det uferdige grunnen, brakje og lyng var det rikeleg på tomten, store graner sørafor det som ein gong skulle vera huset, og eit stort bratt brot nedanfor  tomta vår.
Vegen gjekk like forbi, og oppe på andre sida av den, oppe på høgda hadde far skote ut ei stor kjelde, for denne gongen skulle vi ha nok vatn, og ikkje vere avhengig av å  måtte køyre frå andre når det var tørke.
Mor hadde gjort ferdig utstyret til det nye barnet. Ho hadde fornya tøybleiene så det i alle fall var 12 ,  ditto klutar, skjorter med fin blondekrage, trøyer,løyert,  sparkebukser av bommulstricot, strikketrøyer, labbar og  luer.


Eg er ikkje sikker på om ho hadde laga løyertar, men bastkorga var gjort ferdig, med laken, voksduklaken, enno eit laken  og dyne, men ingen hodepute til å byrja med. Korga var fint pynta med trekk som hang over kanten, og nye bånd.

Ho hadde sagt at eg skulle få ei lita syster eller bror, men at eg ikkje måtte seia det til nokon. I ettertid kan ein jo undra seg over det, for det var vel synleg for dei fleste kva som var på gong, men samvetsfull som eg var heldt eg tett, nesten.  Unntaket var ho Oddveig, bestevenninna mi, som med løfte om kors på halsen fekk vita kva som var i emning.
Vi tok ein tur opp til kjelda, som enno hadde ein stor steinhaug rundt etter utskytinga, sjøl om far hadde støypt. Me ropa ned i lufteholet, og høyrde atterljoden av stemmene våre. Vi fann oss blåbær, og klauv på steinane rundt grunnmuren. Høgdepinktet var då far let oss balansere på ein lem opp på husmurane, og så fekk me sjå ned i husagrunnen. Over det som skulle vera stova var det støypt, fordi der skulle det vera garasje.i underetasjen. Under resten av huset var det berre eit stort gapande hol, og me fekk beskjed om å vera forsiktige. Eg trur far held oss i handa mesteparten av tida.
Litt niste åt me, men  då klokka var tolv, skulle me heim att for å få oss mat. Stor var overraskinga  då me kom inn , og vart bedne opp på soverommet. Der låg mor, nystelt med ei lita raudhåra jente i armane. Den nye søstra vår var komen! Vi gledde oss over ei til, det var morosamt! Snart kunne vi ut og trille, og leike oss med henne! Vi la planar.
Nokre timar seinare køyrde far jordmora på kaien på Leiknes. Ho skulle skyssast sør om fjorden, til Tepstad (?) der ho budde. Vi stod på kaien, og jordmora vart takka for hjelpa, og steig ned i den vesle motorbåten. Då snur eg meg til far, og gledestrålande seier eg: " No kan eg vel sei det, at eg har fått ei lita syster!"  Alle var enige om at det var greitt.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar