Meieriet på Leiknes og funksjonar, slik eg hugsar det.



Når meieriet var bygd, veit eg ikkje. Då eg var liten stod det der, på eine sida av kaien, med trapp ned til sjøen, og med to etasjar.
I første etasje var det innveging av mjølk, og mjølkeutsal.Innanfor var det eit rom for avkjøling av mjølka, og lenger inne var ishuset.  Gardbrukarane  kom med dei store 10-50 liters spanna sine, og slo mjølka opp i  ei stor innvegingsbehaldar  som vog mengda dei leverde.


Bøndene kom med mjølkespanna sine morgon og kveld. Nokre hadde slege seg saman i " mjølkeruter" der bøndene køyrde mjølka i  eit område etter tur. Dei køyrde med hest og kjerre, og batt hestane i veggen på meieriet . Eg hugsar ikkje kor mange det var som hadde den ordninga,  men trur det var ein tre -fire slike køyrelag. Dei som ikkje var med på eit slikt samarbeid, køyrde med handkjerre eller bar mjølkespannet på ryggen  til meieriet. Slik eg hugsar det, hadde alltid bøndene god tid når dei køyrde mjølk. Tida var sett av til dette arbeidet den dagen. Dei prata med kvarandre, spytta skrå og løyste problema i verda, før dei let hesten tusle på heimvegen.


Me som kjøpte mjølk, kunne kjøpe nokre timar både morgon og kveld. Me kom med små spann, som tok 1-5 liter, og fekk  den mengda me ville ha.  Fekk me frå innvegingsspannet, kunne mjølka være nesten lunka, somme tider.  Om det ikkje var mjølk i det store spannet, fekk me mjølk fra innkjølinga, der fulle spann stod i kaldt vatn og venta på å bli sendt med dampen til Bergen.  Vi håpa alltid at meierska ikkje skulle røre skikkeleg rundt i det store spannet, slik at det vart ekstra fløyte. For mjølka var sjølsagt ikkje homogenisert.  Mor var nøye på at me ikkje fekk mjølk med silosmak, så det hende meierska fann mjølk til oss frå innkjølingsspanna.


 Innanfor avkjølingsavdelinga var det ishus, og ein brukte å skjære is på vatna om vinteren og oppbevarte det der, for å avkjøle mjølka om sumaren, men det var lite i bruk i mi tid.
Meierska var i byrjinga  tanta til mor, ho tante Sofie, som seinare tok over farsgarden på Mundal. Ho budde på ein liten hybel over meieriet, med eit lite kjøkken og kombinert stue og soverom. Sikkert ikkje særleg varmt på vinteren, kan eg tenkja meg.
I andre etasje i andre enden hadde lækjaren kontor. Han kom over fjorden fra Valestrand  ein gong i veka, og behandla då dei som møtte opp, skreiv ut medisinar og viste til spesialist og sende på sjukehus. Mor sa kontortida var ein time, eller så lenge det trongs. Venterommet var i gangen, der det var sett opp nokre benkjer, så vidt eg hugsar. Det var jo ganske lydt der, som ventande var. Dei heldige fekk vere  inne hjå meierska i ventetida.
Lækjaren behandla også gravide, i den grad dei hadde noko oppfylging. Jordmora kom først til fødselen.
I andre etasje var og lager for helselaget, som lånte ut ein del rekvisita og helserelaterte saker, som folk flest ikkje hadde, for eksempel klyster, bekken og  bandasjar  Sjukekorga var ei korg av bast
 til bruk for transport av sjuke til Bergen  vart og oppbevart her. Mor fortel at då ho fekk blintarmbetennelse, vart ho frakta i ho. Mor vart frakta på høivogn  til kaia og korga vart sett på bordet i sjukelugaren på M/S Bruvik på vegen til byen.

Salen over ishuset vart brukt av forreningar og lag som hadde møter, som for eksempel helselag, meieri og handelslag.
Då det vart flaskemjølk, vart ho seld på butikken. Meieriet vart då nedlagt, og mjølkebilen kom og henta mjølka hjå bøndene. Tjue år seinare var meieriet rive.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar