Spel.

Nå sit barn og ungdom ved sida av kvarandre og trykkjer på kvart sitt spel, eller dei sender bilete og meldingar til kvarandre om dei er på same staden.
Eg er takksam for å ha barndommen i ei tid når me gjorde ting i lag, og eit av tinga me rett som det var held på med, var spel.


Me leika Gnav, med tall frå 0 til 12, og nokre figurar der den største var gauken. Gnav kunne du spela på den måten at du trekte kort frå medspelarane, og når du fekk like, kasta du dei i ein haug. Den som sat att til slutt, hadde tapt. Me leika " Svelt i hel, " , som gjekk ut på at du skulle ta alle korta frå medspelaren, og sitje att med heile kortstokken. " Svarteper" kunne me leika med gnav, eller med ein spesiell gnavsort som heitte nettopp " Svarteper". I min barndom  leika me  berre med at ein tapte, men då eg i sekstenårsalderen kom i Husdalen, tok vi spelet heilt ut, og taparen fekk svart nase med sverte frå omnen, med mykje hyl frå den slegne, og fryd frå dei som slapp.
I heimen min hadde me ikkje kortstokk. Det var vel sett på som litt synd, og sjøl om mor og far ikkje var truande, så hang det med kortspel i. Men etterat me flytta til Flossvika og fekk leikekameratar frå byen, spela me mykje kort, særleg i stabburet hjå Eli. Me leika " Vri åtte" , og andre spelsom eg ikkje lenger hugsar namnet på no.
Kva øvde me opp? Å hugse korta i stokken, og kven som hadde dei, og evna til samspel, leike etter reglar og tåle å tape. Kranglar om rett og gale var det mykje av, men me måtte løysa flokane, og gå vidare.

Ludo var eit anna spel som me leika mykje. Vi trilla terningen for å avgjere kven som skulle starte, og den som fekk seks, byrja først.Vi hadde ikkje turneringar, for når alle var kome i mål, var vi grundig lei, og fann på noko anna. Telje, vente på tur og ikkje fuske var føremonar med det spelet.


Hjå bestemor var det Monopol, men det var eg for liten til å leike så lenge dei budde i Lunddalen.
Venninna moi hadde stigespel, og det var artig, men nokså nervepirrande, og lite morosamt når du fall ned den store stigen og måtte starte på nytt. Det hende nok at ein prøvde å fuska for å unngå det
fallet!

Vi leika Mølle,som var avansert, fordi du måtte prøve å sikre deg tre knappar  på rad, og helst fleire rekkjer , slik at du kunne flytte knappane fram og tilbake, og ikkje gje motstandaren høve til å plukke av dine knappar. Me teikna spelet ofte sjøl, og fann oss knappar i mor sitt rikhaldige knappelager.


  3 på rad kunne spelast med knappar, eller  ein berre teikna spelet. Det var ein enklare variant, og kunne spelast overalt.
Då eg var 12-13,  kom det Chinasjakk, og det var også eit strategispel, der du måtte forutsjå dine trekk, og helst hindre  medspelararane dine å få gode trekk. Kjempefint for å øve opp tenkjeevna og logisk sans!

Domino var artig å leike, anten ein laga seg stigar under leiken, om ein brukte den til bilveg for dei små bilane, eller sette dei på rad etter kvarandre, og så skubba dei så det vart  skikkeleg dominoeffekt! Artig, og også ein lærdom å ta med!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar