Is til ishuset på meieriet

Denne historia er frå før krigen, men mor fortalde ho,og den er vel verd å skrive om.
Bøndene i Dalebygden, på Hopsdal og Mundal hadde andelsmeieri, og i riktig gamle dagar, før krigen, brukte dei is til å kjøle ned mjølka med på meieriet om sumaren.
Det gjekk ein liten bekk eller elv gjennom Leiknesdalen. og i utmarka til
oldefaren min låg det ei  stemma eller demning av stein der det så samla seg vatn som fraus til  is om vinteren..  Men oldefar var litt vanskeleg å ha med å gjere, og ville ha alt etter sitt hovud, så dei andre bøndene vart einige om å laga ei ny stemme i Tongamarka, nedanfor utmarka til bestefar. Dei bygde den av stein, som vanleg var, med luke til å opne slik at vatnet kunne renne fritt når det ikkje var bruk for å demme det opp  til seinare is.

Når vinteren kom, og isen hadde lagt seg tjukk ovafor stemma, så vart det kalla inn til dugnad blant bøndene i andelslaget, for då skulle dei skjere, frakte og lagre is. Bestefar og andre som arbeidde borte i vekene, leigde folk som tok jobben.

Dei skar isen for hånd, og dei som ikkje hadde hest og kjerre, måtte sage i den frosne isen med store sager, og lage høvelege blokker.  Dei brukte spett, donkraft og spadar for å få  blokkene opp på hestekjerrene, og dei som var velsigna  med hest og kjerre eller slede, hadde då det litt lettare arbeidet å frakta isblokkene ned til ishuset bak meieriet.

 På vegen for dei forbi Port Arthur, som var i  svingen mellom Tongamarka og Tonga. Han fekk namnet sitt ikkje etter ein gardbrukar, som eg trudde då eg vaks opp, men fordi dei som arbeidde påvegen ut mot Mundal og Hopsdal var kome dit då meldinga om at japanarane hadde teke  Port Arthur i den russisk japanske krigen i 1905. Så vart grinda heitande Port Arthur.
Hestane fortsette bortover forbi låven på Tongo, og  svinga ned Tongabrekka, og kom ned på kaien til ishuset.

Då  dei kom dit, var det nokre menn  som tok imot isblokkene, strødde dei med sagflis og fekk dei inn i huset, der dei la isblokkene  opp i store kummer , og så brukte dei elektrisitet til å halde blokkene frosne til det var bruk for dei.
Etter kvart vart kjølinga betre, og mjølka vart sendt med båten kvar dag, og då vart det mindre bruk for å kjøle med is.
Då far skulle trykkimpregnere materialane til det nye huset på Flossvik i 1955, brukte han  desse iskummene som då var overflødige, til å impregnere materialar i.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar