Bensinstasjonen

F


Far hadde bensinfat og pumpe då me budde på Leiknes. Han henta fatet På Sandviken i Bergen, på Shell sitt raffineri. Det var langt til næraste bensinstasjon, og på den måten sparde han tid og pengar, og fyllte opp tanken heime. Pumpa var montert på veggen i den opne garasjen, og du sat på ein stige mellom første etasje og loftet og pumpa, og kunne velje om du pumpa opp 1 eller 10 liter før du sleppte bensinen inn på bensintanken. Eg visste kor mykje som gjekk på tanken, men ein gong rekna eg feil, og då fløymde det bensin ut frå bensinrøret. Eg var snar til å stoppe, men litt spille vart det, og eg fekk kjeft.


Då me flytta til Flossvika, fekk far grove  ned først ein tank, og så ein til. Han støypte fast ein bukk, slik at han kunne skifte olje på bilen sjøl, og utføre småreparasjonar.Mange lånte bukken til både oljeskift og når dei skulle vøle bil. Eit lite pumpehus sette han og  opp, Der det var plass til olje og  rekvisita.


 Han fekk opp eit par bensinpumper, og vips så hadde me ein liten bensinstasjon. På pumpene stod literpris, og teljeverket fortalde kor mykje ein tappa. Ein betalte inne i pumpehuset. Shell var leverandør, og me ungane lærte oss å fylla bensin og selje olje, frostveske og andre ting kundane trong.  Vi  peila dei store bensintankane, og gav  mor beskjed når me trengte ny forsyning av bensin. Då kom det tankbil frå raffineriet i Bergen, Sjåføren Farstad som oftast kom, hadde alltid tid til å prata, og me  rekna han  som ein av våre gode vener.

Det var ikkje så mange kundar i byrjinga, men dei fleste bilane frå Leiknes og Hjelmås, og ein del scooterar og mopedar som folk bruka til å kome seg på arbeid i  Udlavågen eller på  Tøffelen på Hjelmås. Bensinprisen hugsar eg ikkje, men det var under ei krone for literen, og mange fyllte ikkje for meir enn 10 kroner om gongen.
Mopedar og scoterar skulle ha olje i bensinen, og då hadde vi eit halvlitermål, med strekar  på innsida,  som vi tømde olje i , og tømde ho gjennom trakt på tanken før me fylte bensin. På den måten blanda olja og bensinen seg  før dei starta motoren att. Som oftast gjekk det bra, men eg hugsar at eg ein gong fylte dobbelt med olje. Det rauk bra frå den mopeden, og eg kjenner enno kor flau eg var!

Mor fortsette då far døde, og bensinstasjonen var ei lita familiebedrift i nokre år. Til å byrja med hadde vi ikkje stengetid, for me var jo heime og vi trengte kundane og pengane, så når det fløytte ein bil ved bensinpumpene, var det å sleppa det du hadde i hendene å springe. Kunden først, det lærde me tidleg! Ville dei prata, så gav vi oss tid til å prata.
 Vi sørgde for å ha vekslepengar, og talde opp  når dagen var over, for vi var jo rekneskapspliktige.
Etter kvart hadde vi ei slags stengjetid, men om nokon trong bensin, så fyllte me. Det var langt til neste stasjon, og folk måtte jo koma fram. Det hende folk kom om natta. Ein og annan gong fordi dei hadde misrekna seg på bensin, andre tider fordi det var nokon som skulle til doktor. Då hamra dei på døra til vi kom ut. Pumpehuset var låst om natta, og me slo av og på strømmen til pumpene inne i hovedhuset, så ingen kunne stela bensin.
Vi fekk meir rekvisita etter kvart, både tennpluggar, lappesaker, slangar og batteri. Vi utvida også med litt snop, populært for ungar i bygda, anten dei kom med bil eller sykla.
Påhengsmotorar begynte å bli vanlege, og rett som det var kom særleg byfolk  for å fylle på kanner. Det var påbudt med Jerrykanner etterkvart, og vi lika ikkje at folk brukte tomme oljekanner til bensin, og prøvde å få folk til kjøpe godkjende kanner hjå oss.
Som ein kuriositet kan eg nemne at då skulen på Leiknes skulle bore etter vatn, så trengte  også brunnboraren bensin. Han vart kjent med ungane, og seinare med mor. " Sigmund skal ha bensin,"sa tvillingane.  Slik starta det bekjenskapet og seinare ekteskapet.

.
Mor var ofte innom på Shellkontoret når ho var i byen, og argumenterte for å få større stasjon, slik at ho kunne leva av bensinsalg. Når me var med, måtte me belaga oss på å vente på forkontoret. Kjedeleg, sidan lesestoffet var nokså oljerelatert. Ein vente seg til å ha medbrakt om ein skulle vere med dit.
 Men då nye vegen kom til Eikanger, valde Shell å satse på ny stasjon på Fyllingsnes med serviceverkstad. Det var ein klar nedtur for vår verksemd, og stasjonen på Flossvika vart etter kvart nedlagt. I ettertid er eg takksam for den opplæring eg fekk når det galdt å setje kunden først, handsame pengar , jobbe praktisk  og yte service.







M

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar