Barnearbeid eller opplæring?


I dag splittast familiane kvar morgon i vekedagane. Far dreg til sitt, mor til sitt og ungane til barnehage og skule. Korleis var dette for vel 60 år sidan? Far drog på jobb, mor var heime, barnehage fanns ikkje på landsbygda, og skulen var annankvar dag.
I mykje størregrad enn i dag var heimen opplærings- og arbeidsplass for borna. Vi lærde av foreldra våre.


Eg var vel 3-4 år då eg stod på ein stol og tørka bestikk og ikkjeknuselege kjørel. Seinare fekk eg ansvar for å vaske og  tørke . Det var ein del av rutinane den dagen du ikkje hadde skule. Vi lærde å vaske golv, ta skikkeleg i krokane og ikkje bruke for våt dekse når me vaska. Lørdag var det rydding og vasking av rom, og rundtomvask før du tok golvet. Vi tørka av bokhylle og vindaugskarmar, av dørar  og hyller. Vi delte litt på romma, når vi vart fleire, og mor tok og del, men vi kunne halde det reint rundt oss. Vi rydda leikar og fekk beskjed om å henge opp klær og sette på plass sko, sjøl om me ikkje alltid gjorde det.


Butikken låg to-tre kilometer frå oss, og det var ofte ein av ungane som handla. Vi hadde bok med oppskrive liste over det vi skulle ha, og pengar i portemoneen til å betale med. Mor heldt rekneskap, så det var ikkje tale om å ta 50 øre og kjøpe snop uløyves. Me drog brød, middagsmat, pålegg og mjølk til hus dei fleste dagane.  Medan meieriet enno var på Leiknes kai, henta vi mjølk i mjølkespann, 1l, 3l og heilt opp i 5 liter.
Vi passa ungar, og det var ei plikt, men sjølsagt at når vi gjekk ut, så hadde vi søsken på slep. Ut å leike var ordren, og så leika vi i sanddungen, i materialstabelen, i hagen eller gjekk på tur i skog og mark. Fekk vi besøk, var yngre søsken der, og fekk sin plass i rolleleiken, sjøl om vi av og til erta dei for å få vere i fred.

 I skog og marki plukka vi bær, men det var nærmast fritid.
Å lage middag var ei oppgåve, der  starta vi  med det enkle, som å steike pølser, fiskekaker og fiskepudding. Du lærde å ha passeleg varme på plata, skru ned, og ikkje brenne deg. Snart lærde me å koke potet og grønnsaker, lage saus og suppe, Mor laga dei vanskelege middagane, som raspekaker og kjøttkaker, men me kunne vera med på å skjere opp grønnsaker til lapskaus og betasuppe. Me dekka bord, og tok ut av bordet. Restar brukte vi dagen etter.
Vi gjorde sjølsagt ikkje alt dette kvar dag, men me vart opplærd i det, og laga ein middag eller to, hadde golvvask eller handling ein dag for veka.

Vi tok vår tørn med å selja bensin, og så lenge far levde, var vi med på arbeid når det høvde slik. Vi lærde korleis ein fylte olje og at girkassa trong olje, at sement treng vatn og sand, og at det må forskalast for å få ein mur.  Vegane måtte skytast, ryddast, ha stein som underlag, så pukk og til slutt sand. Vi lærde at ein måtte få inn pengar for arbeidet, og at det skulle først rekneskap og betalast skatt, arbeidsgivaravgift og sjukepengar.


I kjellaren var det verktøy ein kunne utforske, og eg lærde å lage båtar og pil og bue.
Men det viktigaste var dette: Du er nødvendig. Familien treng deg for å få hjula til å gå rundt. Du lærde ansvar, praktiske arbeidsoppgåver, solidaritet og tilhøyrsle.
Verdifullt å ta med seg vidare i livet!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar