Søndagsturar med far



Vi var fine der vi gjekk søndagstur med  far, med kjole, kåpe , sløyfe i håret og kvite strømpar. Vi leidde han, eller slepte handa og sprang litt i forvegen for å undersøke noko i vegen eller kanten. Grusvegen var full av variasjon, og det var alltid noko å sjå på. Det var eg og syster mi som var med han.

Mor var heime, som skikken var, og rydda huset og laga søndagsmiddag. Kanhende fann ho også tid til å lese eit vekeblad eller litt i ei bok, når me var ute. Eit lite friminutt i ungestellet.
Me gjekk oppover dalen, og  vi møtte folk, andre menn som og var ute på søndagstur.Kvinnene stod ved grytene, denne dagen som alle andre.
Far var glad i å prate, og det var alltid noko å snakke om, som kommunepolitikken, der dei på sørsida av fjorden alltid fekk fordelar, om utviklinga i bygda og landet, og dela nokre skoser om naboar og sambygdingar. Vi såg på vegen, plukka blomar til mor, kasta litt stein og hoppa i søledammar, noko som var strengt forbode når du gjekk i sundagsklede. Han stoppa det, men var snart inne i praten att.


Me masa om å gå vidare, men han høyrde ikkje. Til slutt tok vi han ein i kvar arm og nærast drog han. På grensa av kva du kunne gjera med far din i dei dagar. Men han tok hintet, og gjekk vidare. Vi sprang føre, og trur du ikkje eg datt! Strømpane vart skitne, men det mest fotredelege var at eg slo hol på kneet, og blødde! Det svei, blødde , og så hadde eg øydelagt strømpane!  Det vart gråt og tenners gnissel, og me skunda oss heim att for å byte, vaska såret og få plaster på.

 I dei dagar var det noko som heitte vannstoffhyperosyd som ein brukte til å vaske sår med, og hvis det ikkje var i skapet, vart såret vaska med såpe og vatn. Begge delar var som pest og kolera, men alt har sin ende, skjenn, vask og endeleg plaster på, og nye reine strømpar. Det var atter sundag, og sosekjøtet var snart på bordet.
Då far fekk bil, og sannsynlegvis rasjoneringa på bensin var slutt, køyrde me sundagsturar. Han tok med seg dei største ungane, og nytta høvet til å besøkje slekt, særleg på Hjelmås, då det var litt langt
å reisa til Eikång på ein formiddagstur.
Vi var på besøk hos mange, men i dag skal eg fortelje om besøka hos onkel Idvart ( Edvartd), yngste bror til bestefar på Hjelmås. Han budde midt i Apalen, den vesle haugen  som skilde Hillesvåg frå Hjelmås. Det var  eit førkrigshus i to høgder, med stor hage, bær og frukttre , og utedo.

Idvarten var enkjemann, hadde ein son og hushalderske. Dei vaksne skumla litt om at ho var husvarm, og memde noko om klede som ikkje var der dei skulle vera, men me ungane skjøna ikkje slikt. Det var alltid gildt å koma dit. Me fekk saft, og dersom det var sesong, var det sjølsagt at me vitja den rikhaldige bærhagen, med rips, solbær og gule og raude stikkelsbær. Om hausten var det plommer, blå, viktoria, gule, fleire sortar epler og pærer, og det var berre å forsyna seg av det som låg på marka. Ikkje rart at vi lika når far stoppa der! Ofte fekk me me ein brun papirpose med litt frukt til dei som heime var, også.
Utedoen var og verd eit besøk, noko vi ofte gjorde etterat safta var fortært. To hol, noko som gjorde at det var sosialt. Bilete av kronprinsparet på veggen og  rikeleg med lesestoff, for hushalderska held Hjemmet, Norsk Ukeblad og Allers. Då vi hadde lært å lesa, måtte vi få med oss ein del av innhaldet, teikneseriar, vitsar og liknande. Starta du på ei novelle, og helten var langt inne i Amasonas, så kunne du vera sikker på at far ropte og sa vi måtte heim att til middag. Ville helten kome heim att til kjærasten? Det fekk eg aldri vite.
Men eg kunne jo bruke fantasien, og dikte ein heldig slutt, der vi runda Apalen og sette kursen heim til kjøttkakene-

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar