Bestemor i Indre Arna
Då eg var nå år flytte bestemor og bestefar. Bestefar hadde selt garden til eldste sonen sin, og no skulle dei etablere seg på nytt. Det bestemor kanhende drøymde om i sine første gifte år i Bergen, vart no røyndom. Bestefar hadde enno langt att til pensjonsalderen, så dei bestemde seg for å slå seg ned i Seimsmark i Indre Arna. Bestefar kunne pendle til jobb,Tok buss til Indre Arna og tog til Bergen.Han kome heim kvar dag til ferdig middag. Dei budde først i ei kjellarleilighet på 3 rom og kjøkken, så vidt eg hugsar. Berre yngste onkelen min budde heime, og gjekk resten av folkeskulen på Garnes. Bestemor hadde pluseleg berre ei lita leiligheit å stelle i, og ho hadde varmt og kaldt vatn, dusj og vaskemaskin. Derfor tok ho til å strikke for ei forretning i Bergen, og strikka mange trøyer, gensarar, babyklede og anna som butikken selde. Ho broderte og hekla, og mange fine ting produserte og ho til seg sjøl og slekta i åra som kom. I den første tida ...