Innlegg

Lommelykta var viktig i mørketida

Bilde
Det var brått mørkt, eller lyset blinka eit par gonger, før me sat i stummande mørke. Febrilsk leiting etter fyrstikker, som som regel låg attmed omnen, og etter talglys som oftast var inni eit skap. Eit blafrande lys spreidde seg i rommet, og du kunne starta leitinga etter den viktigaste reidskapen når lyset var borte: lommelykta.  Ho skulle liggja i skapet ute i gangen, og om ho ikkje låg der, var det leiteaksjon over heile huset, til me fann ho, forhåpentligvis med både batteri og lyspærer intakt. Lyset vart borte, i timar og dagar. Skulle ein frå eit rom til eit annan, i kjellaren eller på utedo, måtte ein ha lys. For ikkje å snakke om dersom ein skulle arbeide i fjøs, låve eller garasje! Ofte måtte ein av ungane halde lykta, mendan dei vaksne fekk jobben gjort.  Stearinlyset var ikkje sikkert, og kunne i verste fall løyse ut brann. Parafinlampe hadde dei fleste ikkje lenger. Men lommelykt... Det hadde ein.  Store og små. Eit teikn på at du var blitt eldre, var a...

Bjødling og rabbing.

Bilde
To skikkar som ikkje lenger er i bruk, er rabbing og bjødling. Det var litt i bruk i min barndom, men ikkje etter eg vart stor nok til å vera med. Men eg hugsar det vart snakka om hendingar då eg var liten. Det hadde seg slik at første gongen ein gut overnatta hos jenta si, eller omvendt, så samla ungdommane i bygda seg for å bjødla. Dei brukte då alt dei kunne koma over av saker som laga lyd, ku- og sauebjøller, sykkelbjøller, sirenar, slå på mjølkespann ja, you name it.   Så henta dei sagrabb på næraste sag, og laga ein tydeleg veg frå heimehuset og til kaia, eller til huset der den andre budde. Det var ein måte å seie frå om at no var forholdet offisielt, og ikkje løynd lenger. Eg spurde mor om dei hadde bjølla for henne og far. Det hadde dei, men ho fortalde ikkje meir om det, anna enn det var vanleg i hennar ungdomstid. Kjærasteparet hadde som regel kome i land på Tangen med båten, og var då synleg for alle og einkvar. Dei kunne ha kome med buss eller båt, men som oftast...

Håkjerring i Osterfjorden

Bilde
Dette skjedde på femtitalet på Leiknes.  Vi hadde fleire fiskarar i bygda, folk som kombinerte småbruk med fiske,  og  pensjonerte sjømenn som fiska, og selde fangsten i nærmiljøet eller til bydn.  Magnus på Flossvika,  dreiv ålefiske, og elles fiska sild eller makrell eller kva som sesongane  elles kunne by på. Han selde til Salslaget i Bergen, og det hende ikkje sjeldan at far leverde ålekassar for han ute i Sandviken. Bernt i Røiskattlia fiska, og det gjorde også Ole Vik. Dei var rett som det var utpå, og det er ikkje få fiskehanker me kjøpte hjå han Ole i min oppvekst. Kven av dei som var med på denne hendinga hugsar eg ikkje, men dei var utpå fjorden og fiska, og då fekk dei napp. Det var ein svær fisk, og dei streva lenge, fordi han drog meir enn dei kunne halde att.  Det såg ut som fisken ville dra dei til havs, og dei snakka om å kappe lina, men så var det trassen som tok over, og dei bauta og sleit, og fisken roa seg litt etter litt. ...

Tvillingar II

Bilde
Det var stas med tvillingar i huset for oss ungane. I den første tida låg dei lag i same senga, og mor fortel om første gongen den eine oppdaga den andre, og forsiktig strekte ut ei hand for å røre ved vesenet ved sida av. Det kom gutar i 10-12 årsalderen på døra, ringde på og spurde- Kan vi få sjå dei?  Så fekk dei kome inn, sjå vedundra og sitje forsiktig i sofaen og halde dei. Jenta var tunn, og fekk dermed mest morsmjølk, medan guten fekk litt av det, og litt erstatning. Dei vaks, og snasrt var dei like store, men guten var alltid litt meir sett. Mange kom med sengjakonemat. nokre hadde med rømmegraut eller kaker, som skikken var, og me ungane likte sjølsagt det. Mange hadde med gåver til dei nyfødde. Dei fekk rikeleg av sparkebukser, fine trøyer, ein del heimestrikka, tepper, luer , vottar og labbar.  Alt var i lyseraudt og lyseblått som skikken var, og mor fortel at det var moro å kle på dei to så mykje fine klede. Heldigvis var det ulike størrelsar, så dei hadd...

Tvillingar !

Bilde
Det var ein uvanleg varm sumar på Vestlandet, sumaren 1956. Veke etter veke gjekk utan at det kom vatn, og folk byrjå å sjå i brønnane, og peile dei. Nokre måtte ha vatn tilkjørt, andre tok i bruk den kjelda som låg lengre bort frå husa, men som heldt vatn. Me ungane storkosa oss, gjekk i lette klede, og var i bad fleire gonger for dagen. Mor gjekk og steig og var barntung, og sleit i varmen. Ho var stor, og sist ho var til kontroll, meinte lækjaren det var to, for han høyrde to hjarteslag. Det var tvillingar i slekta til mor, og mange sa at det hoppa over eit slektsledd, og det stemde her, for bestemor hadde tvillingsystre. Så var det å svinga seg rundt, då og sy eit ekstra stell av bleier og rumpedukar, skjorter og trøyer, sengetøy og alt som trengtes, og då far kjørte til byen, var mor med og kjøpte inn  sparkebukser, og anna som skulle til. Sidan det var to, var det ikkje snakk om heimefødsel. Det kunne jo vere komplikasjonar. Å reise til Bergen var tungvindt i desse da...

Ønskekonserten

Bilde
Dei yngste søskena var lagde, og me hadde ete kveldsmat. Det var måndag, og ynskjekonsert. Det var eit av dei mest populære programma på 50-talet. Mor fann fram strikketøyet , eller broderiet, skrudde på knappane, og snart lydde Boajerenes inntogsmarsj i stova. Lille Graah var den mest kjende stemma og fortalde kor mange som hadde sendt inn plateynskje, og kor mykje som var kome inn  til Radiogavefondet. Folk sende inn ynskje om sang, og la ved ein liten sum til fondet. Radiogavefondet, ein institusjon grunnlagt i 1950 som hadde til formål å låne ut radioapparat til  syke, gamle, blinde og uføre, samt fjernsynsapparater til  hørselssvekka og andre.  Ønskekonsertane kvar veke, og renteinntekter var  inntektskjeldene til fondet. Det var ikkje alle som hadde råd til å kjøpe radio, sjøl om kosta berre 70 kroner. Derfor Kom det godt med å låne apparat. Konserten starta med ei eller to barneplater, og snart kunne songar som ,Teddybjørnens vise, Bamsens ...

Den store verda på eit ungdomshus nær deg

Bilde
Det stod plakatar på oppslagstavler og stolpar. Det skulle vere Bygdekino i ungdomshuset på Hjelmås.  To forestillingar, ein for barn og ein for vaksne. Av og til var det aldersgrense 12 år på vaksenkinoen. Dei første åra var det ikkje så nøye med aldersgrensene, sidan vart det strengare. Det galdt å få lov. Mor var litt streng. Det skulle vera bra filmar. Det hjalp ikkje å kome med Davy Crockett der i garden. Men norske filmar fekk me gå på, og anerkjente barnefilmar. Litt nyare type Me gjekk eller sykla til Hjelmås. Det var vel ein times gange, og det var ingenting, den gongen. Den oransje Folkevognsbussen med Norsk bygdekino på sidene var kome, og filmframvisaren vart installert på galleriet. Høgtalarane vart sett opp, og vi betalte vel ei krone for å koma inn. Maskinisten hadde  pengeveske og reiv av billett til kvar enkelt.  Det var litt høgtideleg for oss ungane Me sat på benker utan ryggstø, og storøygde fekk me med oss " Fjols til fjells"  "To...