Lommelykta var viktig i mørketida

Det var brått mørkt, eller lyset blinka eit par gonger, før me sat i stummande mørke. Febrilsk leiting etter fyrstikker, som som regel låg attmed omnen, og etter talglys som oftast var inni eit skap. Eit blafrande lys spreidde seg i rommet, og du kunne starta leitinga etter den viktigaste reidskapen når lyset var borte: lommelykta.  Ho skulle liggja i skapet ute i gangen, og om ho ikkje låg der, var det leiteaksjon over heile huset, til me fann ho, forhåpentligvis med både batteri og lyspærer intakt.
Lyset vart borte, i timar og dagar. Skulle ein frå eit rom til eit annan, i kjellaren eller på utedo, måtte ein ha lys. For ikkje å snakke om dersom ein skulle arbeide i fjøs, låve eller garasje! Ofte måtte ein av ungane halde lykta, mendan dei vaksne fekk jobben gjort.
 Stearinlyset var ikkje sikkert, og kunne i verste fall løyse ut brann. Parafinlampe hadde dei fleste ikkje lenger. Men lommelykt... Det hadde ein.  Store og små. Eit teikn på at du var blitt eldre, var at du fekk lommelykt til jul og fødselsdag,  til bruk i mørketida. Eit kvart hushald hadde lommelykter. Små til bruk for ungane, og til småturar i kjellaren og på utedo, større til turar på butikk og meieri, på tur gjennom utmark og om ein skulle i fjøset.

Og dei større til bruk for dei vaksne, og til utearbeid der ein ikkje hadde lys, eller når lyset var borte.
Kvar haust måtte lommelyktene sjekkast. Ein måtte ha nye lyspærer, og nye batteri, hvis dei var utgåtte. Batteria var forholdsvis dyre, ettersom eg hugsar, og mange gonger vart det ei prioritering kva lommelykter som skulle få pærer og batteri først.

 Når økonomien var god, hende det vi brukte lyktene ute, og leika gøymespel ute, der me brukte lyktene til å blinka og gje teikn kvar me var, før me fann ein annan gøymestad.
Men elles var lykta eit nyttig hjelpemiddel når ein gjekk etter mjølk, eller heim frå vener eller til bedehus og ungdomshus . Skulle ein på do, var utedoen jo eksrta grei, for der var det ukeblad ein kunne lese i, med lommelykt, så ein brukte tid der.
Lykt eller ikkje, det hende vi slumsa ned i vasspyttar eller vegaveita likevel. Våte og skitne kom vi heim, og måtte skifte sokkar og leggje avispapir i gummistøvlane.
 Lykta skapte skumle vesen etter vegen, og om en lyste inn mellom trea, kunne ein sjå både nissar og troll. Eg har vel aldri vore så gudfryktig som på veg heim i mørkret! Eg song salmar og bad Fadervår, for mørkeredsla var stor, og ein visste jo aldri om trolla verkeleg var døde, på veg heim ein beksvart
kveld. Når eg såg lyset frå utelampa heime, minka fromheita. Det var som i den gamle vandrehistoria om sjømannen som kom inn i smult vatn: " No skal du ha takk, Gud, no klarer eg meg sjølv"




I våre dagar, med gatelys overalt, med utelys utanfor døra, på veranda i hage og på uthus, så er det ein heilt anna situasjon. Me har ledlys og lys med solcelle og batteri. Du kan innstallere lommelykt på telefonen  og har lys  på nøkkelknippet.
Gatelys stod i det berre i vegaskille, det var lys utanfor hovedhusa, og utanfor eit og anna uthus og fjøs.
Vegane var grusvegar, ofte med holer og vaskebrett. Ofte gjekk me til naboen eller i nabolaget gjennom utmark, med hjulspor, steinar, oppover og nedoverbakkar, klopper over bekkar, små røter og vasspyttar. Det var umogeleg å ta seg fram utan lykt.
Me trengte lommelykta, og ho var ein del av kvardagen i mørketida på bygda i min barndom.


.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar