Håkjerring i Osterfjorden



Dette skjedde på femtitalet på Leiknes.  Vi hadde fleire fiskarar i bygda, folk som kombinerte småbruk med fiske,  og  pensjonerte sjømenn som fiska, og selde fangsten i nærmiljøet eller til bydn.
 Magnus på Flossvika,  dreiv ålefiske, og elles fiska sild eller makrell eller kva som sesongane  elles kunne by på. Han selde til Salslaget i Bergen, og det hende ikkje sjeldan at far leverde ålekassar for han ute i Sandviken.
Bernt i Røiskattlia fiska, og det gjorde også Ole Vik. Dei var rett som det var utpå, og det er ikkje få fiskehanker me kjøpte hjå han Ole i min oppvekst.
Kven av dei som var med på denne hendinga hugsar eg ikkje, men dei var utpå fjorden og fiska, og då fekk dei napp. Det var ein svær fisk, og dei streva lenge, fordi han drog meir enn dei kunne halde att.  Det såg ut som fisken ville dra dei til havs, og dei snakka om å kappe lina, men så var det trassen som tok over, og dei bauta og sleit, og fisken roa seg litt etter litt. Denne fisken er kjend for å bevege seg seint, men sterk er han nok. Dei kom til lands ved kaia på Leiknes, og tok utyskjet i augesyn:
Det var ei diger håkjerring!
Det er ei haiart som går djupt, og så store eksemplar  skulle eigentleg ikkje finnast i Osterfjorden, men det gjorde han altså.
 Eg hugsar den var stor, stygg, brunflekket og ikkje noko for auga, akkurat.

Folk gjekk nesten mann av huse for å sjå på kjempefisken. og då rutebåten Oster dagen etter heiste den ombord, hang fisken frå vinsjen og ned på dekket. Båten fløytte då han for, og dagen etter stod det bilete på førstesida (?) i Bergens Tidende av håkjerringa hengande i krana ombord  i kolabåten.

Så vidt eg minnes vog fisken 600 +. Kjøtet er ikkje menneskefor, men levra var mykje verd.
Vesle Leiknes var sett på kartet ei kort tid, og me ungane snakka mykje om hendinga, om fiskarane, fisken  og ikkje minst at biletet kom i avisa!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar