Bjødling og rabbing.


To skikkar som ikkje lenger er i bruk, er rabbing og bjødling. Det var litt i bruk i min barndom, men ikkje etter eg vart stor nok til å vera med. Men eg hugsar det vart snakka om hendingar då eg var liten.
Det hadde seg slik at første gongen ein gut overnatta hos jenta si, eller omvendt, så samla ungdommane i bygda seg for å bjødla. Dei brukte då alt dei kunne koma over av saker som laga lyd, ku- og sauebjøller, sykkelbjøller, sirenar, slå på mjølkespann ja, you name it.   Så henta dei sagrabb på næraste sag, og laga ein tydeleg veg frå heimehuset og til kaia, eller til huset der den andre budde. Det var ein måte å seie frå om at no var forholdet offisielt, og ikkje løynd lenger.
Eg spurde mor om dei hadde bjølla for henne og far. Det hadde dei, men ho fortalde ikkje meir om det, anna enn det var vanleg i hennar ungdomstid.
Kjærasteparet hadde som regel kome i land på Tangen med båten, og var då synleg for alle og einkvar. Dei kunne ha kome med buss eller båt, men som oftast vart dei observert av nokre, og treskoposten gjekk. Ungdommen samla seg, og dei inntok plassane. Seint om kvelden, etter mørket hadde seinka seg, sette ulyden i gang. Det ringla og song, hamra og banka kring husnovene, og dei ville ikkje gi seg før dei hadde fenge paret ut.
Seinare rabba dei.

Eit eldre par som lenge hadde skrive til kvarandre, og etterkvart kom han for å hjelpe henne som dreng på garden hennar., Ungdommane laga eit skikkeleg spetakkel rundt huset , og bruka både bjøller og sirene, så vidt eg hugsar. Dei heldt på lenge, så til slutt  la han Bibelen i stoveglaset. Då stilna det, seiest det. Men dei rabba skikkeleg frå huset hennar og til kaia.

Læraren min gjekk og såg om ei lærarinne i småskolen, og mange skumla om at dei var kjærestar.
Offisielt lærde ho å spele orgel, men observante gutlarvar klatra opp i treet utanfor huset, og observerte at dei sat saman på orgelkrakken, og at han heldt armen om henne!
Dei mest fremmelege gutane låg og på lur og spionerte når  han sømeleg fylgde henne heim om kvelden. Dei meinte dei hadde sett både at dei gjekk hånd i hånd og at dei kyssa, og var sikre i si sak: Dei var eit par! Ein kveld gjekk "posten"om at ho vart uvanleg lenge hjå han, og ungdommen bestemte at no var det tid for bjødling og rabbing.  Folk samla dei tølene dei hadde som gav lyd, og brått og uventa for dei som var innafor, sette ulydane i gong. Det var bjøller og sirene, fat og spann som vart tromma på, og ein hadde vore hos oss og lånt eit bensinfat til å hamre på.


 Han plasserte seg i kjellarinngangen på huset for å få skikkeleg lyd på slaga. Så vidt eg hugsar, tok folk ein pause for å henta rabb, for dei fekk dei ikkje fram i døra, og kom så duoen  seg ut , og læraren fylgde   sin "utkårede" heim. Det var mørkt ute, og borte i svingane traff dei  ein forseika "bjødlar "på sykkel,  utan lykt Han spurde om kor langt  bjødlinga var kome. Eg trur ikkje han fekk svar.
Ungdommane henta mange sekker sagflis på saga, og det vart tilbørleg rabba frå læraren sitt hus til huset der lærarinna budde. Dei tømde også fleire sekkar på  trappene til dei to respektive husa.
Dei fortel at husverten hennar hadde strø til dyra lenge etterpå!
Dette var litt om fenomenet. Kanhende andre kan fylle ut?

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar