Innlegg

Julebukk

Bilde
I desse tider, når debatten går om Halloween og julebukken, så vil eg skrive litt om sistnemnde, slik skikken var då eg vaks opp i ei lita bygd på Vestlandet.  Vi gleda oss til nyttårsafta, for då skulle me gå julebukk. Det er litt diskusjon om opphavet til denne skikken, om han er heidensk eller frå middelalderen, og kva funksjon denne hopen av julebukkar hadde frå gamalt av. Det er også ulike skikkar i ulike delar av landet, og i andre land. Ikkje alle gjekk same dagen , heller, men stort sett i romjula. Men omkring Bergen gjekk me julebukk nyttårsafta, eller nyttårsbukk, som sume kalla det. Formålet var å kle seg ut, vandre frå hus til hus, vise seg fram, helst ikkje bli gjenkjent, og sjølvsagt få del av juleknasket i bygda. Det var stor ståhei  med utklednad. Ein skulle kle seg ut slik at ein ikkje vart attkjend, og det var difor viktig å finne klede som var nøytrale, og ikkje minna så mykje om der ein kom ifrå.. Islendarar, pute på magen og bakenden kunne ...

Lys i mørke

Bilde
Hausten og vinteren var mørk. Det var lite lys, og straumen var dyr. Etter vegen var det eit og anna utelys på stolpane, men det var langt mellom dei, helst lyste det ei lyspæra opp i vegaskilje og på kaien. Lange stykke var det ikkje lys, anna enn ei og anna utelampa som lyste utanfor hus attmed vegen. Du kunne lett trø nedi eit vasshol i grusvegen, eller til og med utanfor i vegaveita, om det var stummande mørkt. Lommelykta var viktig å ha med seg om du gjekk ut om kvelden på denne årstida. Ho lyste der du gjekk, men utanfor lysstrålen var det mørkt, og fantasien høyrde eg  både ulv og bjørn, sjøl om dei på den tida ikkje lenger var på Vestlandet, og slett ikkje i ei fjordbygd der skogen vart halde nede av husdyra. Ja, du kunne undrast om troll og vætte var gøymd bak buskeleggane, og du gjekk fort og målvedvite med mjølkespannet eller handleveska. Glad var du når du såg utelampa heime, og kunne koma i tryggheit. No var det ikkje alle kveldar som var mørke. Stjernehi...

Bilen i arbeid og fritid

Bilde
                                              (ill. foto) Far hadde lastebilar.  I mine augo var dei store, men når eg i vaksen alder ser på same modellane, ser eg at dei var små, i alle høve etter dagens standard. Han hadde først ein Bedford og før det ein annan bil, og enno ein som vel eigentleg var bestefar på Hjelmås sin, men som mykje anna vart  bilen brukt av sønene hans, og far var ein av dei som hadde mykje bruk for bil. Det var denne bilen han køyrde om Soddalskaret og til Hodnesdalen med, som eg tidlegare har fortalt om. Eg minnest så vidt den raude Bedforden, og ikkje minst samtalane han hadde med mor, og frustrasjonen over at den gamle bilen stadig måtte reparerast, om mangelen på bildelar, som det var etter krigen,  og at han ikkje kom seg på arbeid fordi bilen streika. Så gjekk dei til i 1953 den store handlinga å kjøpe ny bil, ein Opel Bli...

Martha Husdal

Så var ho Martha Hagesæter vorte Martha Husdal. Me skriv året 1961, og historia er altså frå etter 50-talet, men det er også greit å føre ei historie til endes. Eg var borte det meste av den tida eg skriv om, så dette er det eg hugsar. Det er nok mykje meir å fortelja. Men så er bloggen subjektiv. Det er dette eg kan minnast. Andre har andre minne. Ho gifte seg med ein brunnborar som reiste på heile Nord- Vestlandet, og som var mykje borte i vekene. Sjøl heldt ho fram med bensinstasjonen i enno eit tiår, og hadde omsorg for ein barneflokk som snart talde sju. Ho sydde og strikka til borna, og reiste både til byen og på fabrikkutsal for å finne tøy og halvfabrikata av strikkevarer .Eine syster mi fortel  om dei raude strekkbuksene mor sydde,og som aldri vart utslitne, og som syster mi som nr. 4 i flokken ervde fleire av. Mor vart med i Venstre, og det var på tale å setje henne på sikker plass på stortingslista, men ho og Sigmund fann ut at det ikkje let seg gjere at begge var bor...

Æres den som æres bør

Bilde
Vi hadde respekt for far og mor, for lærarar , for eldre menneske og vi neia og bukka når vi helsa, og når vi takka for maten.  Sjøl om biletet av kongen hang på vetlehusa bortover, så var han og huset hans noko vi såg opp til, og me høyrde ikkje noko negativt om dei kongelege. Det einaste var at dei viste sunn folkeskikk, som at kronprins Olav tok koteletten og gnog av beinet i staden for å bruke kniv og gaffel, og dermed kunne heile forsamlinga gjere det same, og nytta ut maten. Men vi visste lite om feriar og kjærestar, om eventuelle utanomekteskaplege  eskapadar.  Stortinget og politikarane var storfolk, og det var sjeldan me høyrde noko negativt om dei, men dei vart æra ekstra om dei var folkelege. Mor snakka om ein stortingsmann som åt wittenbergar ved kjøkkenbordet då han var innom.  Lækjarar og sakførara var storfolk, og vart behandla betre enn andre. Men alle som hadde uniform og  uniformslue vart sett opp til, anten det  var le...

Reint skal det vera, sa kjerringa

Bilde
Golvet vart vaska kvar dag, utanom sundag. Barneføter tok med seg mykje sand og jord inn, og far tok ikkje alltid av seg støvlane, han heller. Det var heller ikkje krav å ta av seg skorne om du hadde eit lite ærend inn. Det tok lengre tid å knyte opp skolisser, ta av seg sko og knyte dei på seg att, særleg fordi dei minste måtte hjelpast. Nokre korte drag på golvmatta, om du hugsa det, og in you go! Men helgavasken var viktig! Då skulle det bli reint! Denne vasken var ei jente/kvinnegreie. Kom du på besøk til nokon laurdag, så var mor og døttre engasjert med vaskebøtta. Men mennene slapp unna, og gutane og, så vidt eg hugsar. Når du var ni år, var du ein del av prossesn, og fekk tildelt oppgåver. Det var å hente bøtte, løvang og klut på badet, finne PEPkartongen i kjøkkenskapet under vasken, og duste ca. ei skei av pilveret oppi bøtta før du tappa vatn oppi. Rekkefølga var viktig, for pulveret måtte løyse seg opp, og ikkje liggje som kvite prikkar på golvet. I byrjinga vart ar...

Vetlahuset

Bilde
Om du måtte, var det utedo, vinter som sommar. Om sommaren med mange fluger når du tok av dasslokket, om vinteren så kaldt at det beit bak når du sette deg nedpå. Alle hadde eit vetlahus, eit lite avlukke der du gjorde ditt fornødne. På mange gardshus var det eit tilbygg til huset, først kom skykkja, og så kom vetlahuset. Om fjøset stod nært huset, så var det praktisk å ha eit avtrde der, fordi mottinga likevel var der. Atter andre hadde eit lite hus litt bortanfor hovudhuset, ofte saman med skykkja og høne- eller sauehuset. Utvendig var det ein krok, og innvendig lukka du med ei treslå. Det var ein benk der, med to runde hol, eit stort og eit lite. Over hola låg  det to runde trelok med handtak. Det var sosialt å gå dit, og ofte gjekk me fleire i lag, sjøl om me helst brukte det vesle holet når me var mindre. Det verserte rykter om at barn kunne falle gjennom og ned i mottinga. Det ville me ikkje. Særleg hos bestemor var det langt ned, i alle høve med barneaugo, og det v...