Innlegg

Yrke som var: Dampskipsekspeditør og meierske

Bilde
Alle stader der rutebåten hadde anløp, var det ein dampskipsekspeditør. Han gjorde klart varer som skulle sendast med båten, og tok imot det godset som kom med båten. Mjølsekker og kraftfor, mølkespann  og bygningsmateriale, alt vart heist på land med vinsjen frå lasterommet eller dekket.  Krøtter som skulle til slaktehuset heiste dei ombord, fiskekassar, tynner og andre ting som skulle fraktast. Det meste hadde fraktebrev, som ekspeditøren tok vare på eller skreiv ut. Trossa tok han imot og feste når båten kom, og ofte var det to, ei framme og ei bak, litt etter kor sterk straumen i fjorden  var. Han hjelpte til med å få landgangen på plass, og kunne gje ferdafolk ei hånd, om dei trengte det.  Når det ringde til avgang frå brua, var han klar til å losne trossa, ei for ei. Han helste til luva,  som skikken var, når båten bakka ut. Luve med brem, sjølvsagt. Varene vart oppbevart i eit lite skur midt på kaia. Seinare, når kaien vart utvida, stod det ytterst...

Yrke som var- post og telegraf

Bilde
Det er ein del yrke som ikkje er lenger. Postopnar og telegrafistinne er to av dei.  Då eg vaks opp var dei på alle stader der rutebåten hadde anløp. Det var ofte kvinnearbeidsplassar, i ei tid når det var lite arbeid for kvinner.  Posten var vesentleg i barndommen min. Der fekk du aviser, brev og rekningar, og du kjøpte frimerke, og sende brev. Han var open nokre timar på føremiddag, og om ettermiddagen til klokka sju-halv åtte. Det var eit eige lite hus, som også hyste den vesle telefonsentralen. Huset hadde også ein liten hybel, med tekjøkken, slik at ein kunne overnatta om det var tidleg postavgang, eller veret var dårleg. Gangen hadde to små avlukke for dei som skulle låne rikstelefonen, ei dør til dei indre gemakker for desse to verksemdene, ein benk for dei som venta på posten, og ein glugge der ein henta og sende post. Dei som hadde telefon, måtte ringa på sentralen for å bli sett over til dei andre abonnentane på staden. Skulle du ringa til nabo...

Å vaske seg - det er slettes ikke godt. Børsten er bustet, og vannet er så vått. Nei skrubb og børste og såpevann er ikke noe for en røvermann. Torbjørn Egner

Bilde
I våre dagar er dusj ein del av dagleg hygiene for mange i Noreg.  På 1700-talet var det nok å vaske seg ein gong i året, medan embetsfolk vaska ansikt og hender oftare.. Dei færraste hadde bad like etter krigen. Du vaska deg i vasken, eller i vaskefat. Kaldt vatn, eller litt varmt oppi frå vasspanna som alltid stod på komfyren. Såpe var nødvendig, og så lenge eg hugsa hadde me toalettsåpe, medan far fekk bruke sunlightsåpe når han var retteleg skiten på nevane, og det var han ofte. Morgonvasken var hovud, hals, øyrer og hender, med såpe, vaskeklut og hånduk. Skulle du på skulen, hende det du vart sett over, så og seie, for det skulle verken være strimer i ansiktet, på hendene eller halsen når du gjekk blant folk, og øyrevoksen måtte bort. Om du hadde vaska deg kvelden før, var inga orsaking. Skulle du ut, skulle du vaske deg. punkt slutt.                                     ...

Spytt ut!

Bilde
Barn og vaksne hadde ulike reglar Det var ikkje alt dei vaksne skulle veta om.  Det var ting dei helst skulle haldast utanfor. så var det ting dei vaksne gjorde, men som ungar ikkje skulle gjere.  Når far snakka med andre vaksne karar. hende det rett som det var at dei understreka det dei gjorde med å spytte, langt.  Men det var eigentleg stygt å spytte. Ein spytta ikkje. Men utanfor vaksne augo hende det at me arrangerte spyttekonkurransar. Kven kunne spytte lengst? Det vart aldri eg. Det også var moro å la det fråde litt rundt munnen, og å  blåse spyttet ut i store bobler var også spanande, men så pass grisete at vi heldt det for oss sjøl, innan ein engare krets, så å seie, når vi øvde på det. Spytta du etter nokon, ja då gav du uttrykk for djup vanvørdnad og forakt.  Gamle kallar spytta skrå, og det freste i vedomnen når dei let opp døra og let klysa gå. Eg hugsar bestefar min opna omnsdøra og gjorde det, og det spraka i omnen. Men du k...

Minner om onkel Kåre

Bilde
Eigentleg kjende eg ikkje onkel Kåre så godt.  Han reiste i fjordafart med Nornen , og var mykje vekke i vekene, ettersom han frakta sardiner i boks frå hermetikkfabrikken Norwegian Preserving    i Bjørsvik og til store delar av Hordaland og Sogn. Eg hugsar han med blå gensar, skipparhuve,kloggar og ein sneip hangande i munnen, der han såg ut gjennom styrehusvindauga og gav sine ordrar. Han og tante Solveig budde i Tångamarka på Leiknes, i eit toetasjes hus som han delvis hadde  bygd opp av materialar frå eit nybygg frå bestefar, frå kaia på Hjelmås. Det var bygd opp like etter krigen, og dei nytta det dei hadde.  Der var god utsikt over Osterfjorden, og familien kunne fylgja med når Nornen  for ut og inn med last.  Båten låg fortøyd i Vågen når han var heime, like nedanfor Betel, og der var det ein smal bratt stig opp til bedehuset. Derifrå hadde han ein 10- 15 minuttar å gå heim. Seinare laga han seg ein kai nedanfor huset i Tångamarka, o...

En god bok er som en trampoline for fantasien. Den gir tanken noe å hoppe og sprette på

Eg kan så vidt hugse at eg var med mor på meierilemmen og lånte bøker. Dei hadde nokre trekassar med bøker, som dei fekk tilsendt frå Hamre folkeboksamling. etter ei tid vart trekassane sendt vidare til ei ny utleigestad, og Leiknes fekk nye kassar. Mor var glad i å lese, og fann seg alltid stunder til det, midt i ein travel kvardag. Så eg lærte at lesing var viktig. Då eg kom i storskulen, fekk eg tilgang til skulebiblioteket, nokre hyller med bøker innkjøpt i hovedsak fra  Det norske samlaget. Det var gode bøker, skrive på nynorsk, og opna ei verd utanfor vesle Leiknestangen. Eg lånte og las, lånte oppatt og las. Vi skulle låne ein gong i veka, men ofte var lesehungeren så stor at dei ivrigaste av oss fekk låne ekstra bøker. Kvar vår fekk skulen bevilga pengar frå kommunen  til å kjøpe inn nye bøker, og eg trur læraren la mykje arbeid i å bestelle desse bøkene, og bruke prngane fornuftig. Det kom i alle høve innbundne årgangar av  Norsk barneblad, forteljingsbøker ...

Det finnes ikke en bedre venn, bortsett en venn med sjokolade. Om snop

Bilde
Godis i Sverige I godt vaksen alder besøkte eg  godisbutikkane i Sverige, der det er hundre og hundrevis av kvadratmeter med berre snop, og der folk handlar gotteri for tusenlappen utan å blunke.  Då såg eg for meg min barndoms landhandel, der gotteriet var i eit lite skåp på disken, og kandissukkeret vart oppbevart i treliters metallspann på golvet. Snop i barndommens landhandel Å stå i barndommens landhandel med 10 - eller  50- øre eller tilogmed ei krone, og vite at nå kunne du snope, det var lykke, det! Foran deg stod nokre glas med kuler, småsjokolade, karameller og kjærlighet på pinne. Butikken på Leiknes trur eg hadde eige snopeskap, der mesteparten av herligheitene låg på rekke og rad. Eg tenkte og overvog lenge kva eg  skulle kjøpe, adderte og talde igjen, før eg bestemde meg for nokre sjokoladar, karameller og kuler. Butikkdama, som hadde venta tålmodig medan eg talde på knappane,  på fylte snopet høgtideleg opp i kremmarhuset, og eg tok imo...