Innlegg

Far min- Åsmund Hagesæter

Bilde
Opel Blitz  Det er 60 år sidan han døydde, far min, så altfor tidleg. Eg var berre 12år, pappajente, og sakna han inderleg. Han var fødd i Eikangervåg i 1917, der bestemor og bestefar hadde teke over garden etter oldeforeldra på morsida. Men bestemor døydde i barnseng, bestefar gifte seg opp att med tenestegjenta, som så ofte skjedde i slike tilfelle, og oldeforeldra tok tilbake garden i 1928. Bestefar og Åsa gjekk med 6 av ungefloken, den yngste berre nokre veker,  gjennom utmarka til Hagset, der dei budde hjå mor hennar, på Knippevedhaugen medan bestefar bygde eit provisorisk hus på Lynghaug på Hjelmås. Dei flytte dit i 1929 og  bestefar laga seg sagverk i Grovæ på Hjelmås, og bygde eit nytt og bedre hus til sin veksande familie.Der flytte dei inn i 1936. Far og syskena hans hjelpte til både heime og på saga, og tok del i bestefar si interesse for båtar, og var med å bygge om og føre båtane for bestefar. Dei fekk ikkje løn hjå bestefar så lenge dei budde heime, m...

Sigmund Husdal - tida på Leiknes og i Knarvik

Bilde
                                                                 Deltakarmedaljar Så hadde Sigmund Husdal gifta seg med mor, og fenge 6 ungar i alderen  5-16 år på kjøpet. Han hadde sjølv vakse opp i ein stor familie, og sikkert sakna sin eigen i vaksen alder, så han fann seg godt til rettes. Men det vart vel og ei bratt læringskurve både for han og oss, for me var mange, var i ulik alder og hadde ulike behov.  Sigmund tilførte familien vår nye interesser. Han var ihuga målmann, og vi vart meir obs på å bruke språket vårt i skrift og tale. Han las mykje, og kjøpte mange bøker, særleg av dei nynorske. Kvar jul vart det også kjøpt inn ein heil del barnebøker frå Samlaget, og han las mykje til dei minste ungane. Han var interessert i kino og teater, og tok mor og oss eldste med på Den nasjonale Scene og på nye f...

Sigmund Husdal

Bilde
Sigmund var fødd i 1917, og kom til verda saman med Borgny, søster si. Han vaks opp på den einbølte garden Husdal, ein times gange frå Bjørsvik. Han gjekk på skule der, og hadde lang skuleveg i all slags ver. Oppveksten var prega av at ungane hjelpte til med gardsarbeidet, men også mykje turar i skog og mark. Han klatra i fjell og finnar, stod på ski, sumde i vatna og fiska, og vart etter kvart med på jakt.   I  1940  drog han til  Finland , men kom for seint til å delta i krigshandlingane der. Så kom han heim  til krig, men kom også for seint til å ta del i kampane i Valdres.  Han drog så heim til  Husdalen. Trongen til å vere med å kjempe for Noreg var sterk, så i mars 1941 reiste han så ut til Telavågområdet , for å reise til England for å fortsetje der. Han og fylgjet hans vart angitt, og han vart dømd i Bergen Tinghus og sendt som  som krigsfange til Akershus festning. Han skulle eigentleg dømast til døden, men fordi lova om dette ikkje ...

Husdal - ferie, fristad og frimod

Bilde
                                                              Utsikt mot Osterfjorden. Husdalen var fristaden min i tenåra. Du reiste dit med båten frå Leiknes til Bjørsvik, eller vi sat på med bilen til Sigmund, for han for jo dit ofte. Sekken kunne vera tung, og om ikkje det var folk frå garden til båten for å handle og hente post, for då fekk me sitje på med dei over vatnet., så  gjekk me Oslia.                                                          Fint å kome opp-- Det var så fint å kome opp, for du hadde så god utsikt over Osterfjorden og austover  mot Austefjorden.. Det var stilt, ja stillare enn no,  for det var enno ingen veg innover til Austefjorden. Dess...

Hjortejakt i Husdalen hausten 1961.

Bilde
Husdalen var ein fjellgard, og dei hadde stort areal av fjell og finne. Sjølvsagt hadde dei jaktrett, og dei tok ut nokre hjortar kvart år. Oddveig, Bente og eg skulle vera med på jakt, og vi reiste med dampbåten frå Leiknes til Bjørsvik, fekk på oss sekkane og starta oppstigninga til Stemmo, og drog vidare over rindane til Grautevika, og vidare oppover mot Husdalen.  Sigmund, stefar min, hadde reist opp før, saman med Kjell, og eg lurar på om Gaute og var med.   Det var kveldsmat på bordet då vi kom opp, og me hadde ein triveleg kveld med kortspel, lesing mil, og  saman med Gunstein som var son til Olaug og Ivar.  Kjell budde vel hos bestemor, men Sigmund påstod at det hadde spøkt om natta. Eg veit ikkje om Kjell og Gunstein hadde drive  med nokre ablegøyer, men vi tre jentene sov godt i sengene på lemmen, og vakna til ein god frukost som Sigmund hadde gjort ferdig.. Vi vaska oss og puste tennene i bekken, og var klar for utfordringane den dagen. S...

På gamle stigar- i Husdalen.

Bilde
Då Sigmund Husdal kom inn i livet til mor i 1961, og eg og syskena mine samstundes fekk ny stefar, så hende det mykje nytt. Eg overnatta i år i Husdalen for fyrste gong på mange år, og då kom tankane om korleis det var då me starta å reise dit. Husdalen er ein avsidesliggjande gard ein times gange frå Bjørsvik. Du reiste dit, anten med rutebåten eller vart køyrt,  og gjekk så ei ganske bratt stigning opp til Husdalsvatnet, der du anten kunne ro over, eller gå den bratte og til dels glatte stigen opp til Grautevika, der det var kjerreveg resten av vegen. Me ungane lærde snart snarvegane, der du kunne korta inn turen med opptil 10 minuttar. Det du måtte ha med deg, bar du på ryggen og i hendene, så vi måtte ha eit par kvilepausar uansett. Vel oppkomen var det tre hus, der bestemor og bestefar budde i det eine,  Ivar og Olaug budde i det andre saman med ungane sine, og Sigmund hadde kjøpt det nedste huset, og hadde det som ei familiehytte, der også søskena hans kunne v...

Trøste og bære: Ingen plastposar!

Bilde
-Har det ikkje alltid vore plastposar? Spørsmålet kom frå ein ungdom. Svaret er, som me over 50 veit:- Ikke alltid.  Ein har ikke alltid hatt plasbytter heller. Men vi bar mykje, og var ofte sterke i armane. Her kjem eit lite oversyn over kva me bar i, så langt eg hugsar . Det fanns nok meir. Kipa  har ein tett botn av tre, som det er festa   loddrette   spiler til. Rundt desse spilene er det fletta tynne   spon er eller kløyvde kvistar.  Kipa var eit bæreredskap som først og fremst blei  brukt der  topografien  var vanskeleg og jordlappane spredt. Det meste kunne transporterast  i kiper; Nokre kiper var laga for å bære  høy , mens andre vart brukt  til  fruk t og  poteter . Ein kunne også frakte f isk   i kiper. Husdyrgjødselen kunne og bærast i kiper ut på jordet. (Store norske leksikon) Vi ungane hadde ransel, og han vart tømt for innhald, og kunne brukast når me skul...