Innlegg

Globalisme

Bilde
På veggen framfor tavla hang det kart. Over Noreg, Europa, Asia og Afrika. Ja til og med over Amerika og Australia var det kart, men dei var sjeldan framme. Inne på det kombinerte lærarommet, bibloteket og lageret var det ein globus. Han tok læraren fram av og til, minna oss om vikingane som trudde jorda var flat, og var redd for å segle utfor kanten, og snurra rundt globusen, let oss snurre, og viste også at Kina var på andre sida av jorda. Me hadde jo ordtaket om at grov du langt nok ned i jorda, var du halvvegs til Kina. No såg me det var langt dit! Elles var oppveksten min like etter krigen, og då galdt det å bygge oppatt Noreg. Parolen var å produsere norsk, kjøpe norsk og bruke norsk. Vi var stolte over norske produkt, og leste gjerne om norske syklar, bærtre og ski, og at vi også eksporterte norske varer  til utlandet.  Ja, klippfisken vår vart sendt like til Spania, der dei var så  annsleis at dei fasta frå kjøt. godt for oss nordmenn.  Vel kjøp...

Stabbesteinar

Bilde
Det hende at folk var uenige i gamle dagar og. Ein  kunne argumentere og motargumentere, utan å verte einige. -  Han va kje te å rikka. Han va so ein stabbestein! Om ei var heldig, kunne ein bruke eit munnhell frå i dag:   - Me vart einige om å vera ueinige! Om ein var uheldig, gjekk ein hovudrystande frå kvarandre. Ein stabbestein var ein stor jordfast veikantstein, seier leksikonet. Det var ein omfangsrik stein sett opp i vegkanten der det var bratt på sida av vegen, for å hindra at køyretøy hamna utfor. Stabbesteinar var ein del av vegsikringa, autovernet på den tida. Det var stabbesteinar overalt der bilar eller hest og kjerre kunne køyra utfor. Tångabrekka, Sudmannskleiva, ved Myramannen, Apalen, ..  Ja, du kunne ta for deg vegen, og finna stabbesteinar overalt. Tokagjelet Då far køyrde den lange turen til Ålesund, Lillehammer og heimatt om Hardanger, var stabbesteinar den vanlege vegsikringa, anten det var ned Stalheimskleiva, gjen...

Møteplass

Bilde
I dag er møteplass ein stad menneske møtes , og ofte laga til for at menneske skal ha samvær På butikken, på kafe, i kyrkja eller  ute i det fri. Då eg googla ordet, fann eg ut at møteplass var mest brukt om dating, og for dei som hadde slektningar med demens. Når eg vaks opp var det smale vegar. Det gjekk ein bil i breidda, anten dei kom eine vegen eller den andre. Det var berre plass til ein. Den gongen gjekk vegen inn til Bergen rundt Hedlesneset, og etter det eg kan hugse var det også der berre einfelts vegar. Så når bilar møttes var det å rygge- til næraste møteplass, ei lita utviding av vegen der køyretøya kunne køyre sakte forbi kvarandre. Den som kom først til møteplassen måtte venta til møtande bil kom, og la han køyre forbi. Ofte helsa bilistane på kvarandre med å lyfte hånda i det dei møtte kvarandre.  Ein av dei viktigaste tinga som du lærte når du lærekøyrde,  var ikkje lukeparkering, men å kunne rygge, slik at du kunne køyre bakover til møteplass...

Vegaskifte på Tånjen

Bilde
Vegaskifte var det lokale ordet for veikryss. På Leiknes hadde vi eit veikryss, det var veikrysset på Tånjen. Vegane gjekk elles beint fram. Dei snakka om eit vegkryss i Hodnesdal, men vegen der leidde ut i ei utmark. Vegkrysset i Hedlesvågen var reelt nok, med vegar til Hjelmås og Sjauset/ Seim og den store verda, men vegaskifte var staden der vegane frå Hopsdal, Hodnesdal, Hillesvåg og kaien kryssa kvardandre. Vegaskiftet på Tånjen var korsforma. Eg syntest aldri at vegaskifte med tre vegar var det same. Det var meir stas med dei fire vegane. Det var ingen trekanta varselskilt før ein kom til krysset. Det var heller  veiskilt som viste retninga til dei ulike endepunkt på vegen. Du måtte vita vegen til Hodnesdal. Når eg hadde vore på besøk hjå kusina mi, som budde i Tångamarka, så var det spørsmål om kor langt ho kunne fylgje meg på heimveg. Oftast var det: - Til vegaskilje.  Når Oddveig var på besøk til meg, var det absolutt lengste eg kunne fylgje henne: til vegaski...

Håkonarhaugen

Bilde
Tusenårsstaden i Lindås kommune Året er 1961. Eg hadde begynt på Nordhordland kommunale realskule, avdeling Alversund hausten før, og hadde Alf Skodvin i historie.  Denne våren var det  ei begivenheit på Seim som var for heile Nordhordland. Det var 1000 år sidan Håkon den gode vart gravlagd på Seim, og gravstaden hans var då bygd oppatt, og høgtideleg opna av Kong Olav.  Vi hadde repetert soga om Håkon, som vi sjølvsagt kunne frå før. Noreg var eit ungt land, med berre sjølvstende i 55 år, og 5 av dei under okkupasjon under Tyskland, Vi kunne Noregshistoria vår, var stolt av det norske, og kunne Snorre sine forteljingar om dei norske kongane i middelalderen. Om Håkon den gode heitte det at han var kristen, men lukkast ikkje å inføre kristendommen i Noreg, Derimot lukkast han med å innføre leidang, ei slags sjømilitær verneplikt, og med å organisere rettsystemet i større einingar, i lagting. Han blir skildra som ein fager og venesæl mann, stor som idrettsmann...

Barnedåp.

Bilde
                                          Utanfor Hamre kyrkje etter dåpen min.Mor, far og eg Sidan eg nett har vore i barnedåp, kan det høve med eit attersyn på barnedåpen, slik eg opplevde han på 50-talet. På 50-talet var lokalsamfunnet nokså homogent, og dei fleste døypte ungane sine, sjølv om dei hadde eit distanset høve til kyrkje og bedehus i kvardagen.  - Ungane skulle ikkje vekse opp som heidningar! På skulen lærte vi om barnedåp, alle skulle døypast, det var slik det skulle vera. Dåpen var eit sakrament der Gud møtte dåpsbarnet og gav det sin nåde og fødde det på nytt. Luthers katekisme var enkel og klar.   Dersom det var fare for at barnet kunne døy, vart det hadde ein  heimedåp like etter at barnet var fødd. Kven som helst kunne utføre denne, og ritualet stod bak i salmeboka. Enno på mi tid var det snakka om at udøypte born kunne gå fortapt Då...

Bryterne til lyset står i mørke

Bilde
Det vert fortalt at ein BNR-sjåfør kom køyrande ruta si tidleg på morgonen , og stoppa for å ta på ein passasjer. Det var predikanten Emanuel Minos, ein svært mørkhuda mann opphavleg frå Afrika.  Det var  ikkje eit svært vanleg i Lindåsbygdene på 50-talet, så i forfjamselsen trekte han i hendelen  så døra gjekk att, før han opna den på nytt og sa:- Det vart mørkt, ja, i det han sleppte passasjeren på. Mørke var mørkare då eg var barn. Det var ikkje så mange utelys. Det var nok  eit utelys utanfor dei fleste inngangsdører. Det hang  og eit og anna lys på lysstolpane etter vegen, ikkje særleg logisk sett opp, spør du meg. Det var lys i vegkryssa, eit lys før Brunæ, eit i Sudmannsbakken, eit i svingen før Flossvika, og det var det. Andre vegen hugsa eg ikkje, men det var ikkje mange. Dei fleste sløkte utelyset utanfor huset om natta, så det var mørkt, særleg når det var overskya eller  regn. Då kunne det vera beksvart, ikke berre tussm...