Å utforske Leiknes indre
No skulle det skje! Eg hadde planlagt det lenge, men ikkje fortalt det
til nokon, aller minst mor, som hadde ei
velutvikla evne til å forpurre eventyr.
Vi hadde nemleg ein bekk på Leiknes. Den strekte seg 2-3 kilometer frå
Piparvatnet til Vågen, og gjekk gjennom loner og i botnen av bratte dalsider.
Ingen eg kjende hadde gått der, og eg hadde ein ubendig trong til å
oppdage dette ukjente territoriet. Vi hadde høyrt på skulen både om Livingstone
og Roald Amundsen, så kven visste kva som ville openberre seg i Leiknes indre?
I alle fall ikkje eg, før eg hadde sett med eigne auge. Så oppdagaren
Britt Hagesæter rusta seg ut med støvlar, kniv og matpakke, og etter at Anny
fekk oppdraget å ta middagsoppvasken, noko som ellers kunne utsett heile ekspedisjonen
til neste godversdag, så la eg ut på den ville ferda.

To be continued




Kommentarer
Legg inn en kommentar