Hjelp frå ein Herrens engel


  1.                                          














Å vere med far på arbeid var alltid stas. Først sat du i lastebilen, ofte klemt saman med andre ungar eller vaksne, før du kom fram til arbeidsstaden, som kunne vere ein husagrunn, ein vegstubbb eller ei kjelde.
 Om det var utskyting av tilbygget på butikken på Leiknes eller arbeid på utvidinga av kaien, denne gongen, hugsa eg ikkje, men vi enda på Leiknes, på Tånjen, som det heitte.
 Far tok til med sitt, og eg fekk mast meg til ein tur etter strandlinja, retning Mundal. Med formaning om å vere forsiktig fekk eg gå, velkledd i gul sydvest, svart regnkåpe og tunge vikingstøvlar, riktig kledd for å forske ut fjøra. Det var seinhaustes, og grått.
. Det var alltid noko spanande å finne, hyssing, flasker, rekved, ein og annan leike. Ja det var berre å leite. Det var sleipt, det regna litt i byrjinga, og eg heldt meg forsiktig på avstand til sjøen når det var djupt utanfor. Det var litt bøljer, og forskarspiren observerte verdrag, båtar på sjøen , tre i vasskanten kvar det var sleipt og tang, tare og skjel.
  1.                                      

Tang gjekk an å få hol på. Var den tørka kunne den smelle, og  brukte ein stein, gav det skikkeleg lyd. Nokre folk sa at tang var etande, og at det kunne vere næringsrikt, men det smaka  ikkje. Eg spytta ho ut fort ut. Men det var kvite sjel der, og  eg samla nokre i lomma, for å ta med heim. Dei kunne vera til kjørl i leikestova, til kuer i fjøset eller i leiken inne. Blåskjel var og fine. først delte eg dei, skrapte ut innmaten, og så tok eg dei største med meg heim
  1.                               
.


Nokre av skjela var smykke til meg, eller dokkene. Dei var fine, med hol, og tredd med raud, grøn eller gul skyteledning var dei riktig så vakre.
Eit stykke utover berga var eg kome, og såg eit rekvedstykke som flaut, og bøygde meg ut for å få tak i det. Det eg ikkje tenkte på, var at det var glatt på berget etter regnet, og plutseleg glei eg, for ut i vatnet, hovudstups. Eg for under, kava meg opp til overflata og prøvde å kome inn til lands. Det må ha vore straum, og det var djupt, og symjeferdigheitene var begrensa. Hindra vart eg og av  støvlar og regnklede. Eg kava, og ropte vel eit " Jesus hjelp meg " då eg skjøna alvoret: Åleine, langt frå folk og ikkje sjangs til å kome opp med eiga hjelp. Då kjenner eg ei hånd som tar tak i  nakken og regnkleda og dreg meg på land. Men den eine støvelen vart att i djupet. Den dag i dag trur eg det var ein engel som tok tak i meg, for det var ingen menneske der.
Hikstande sprang eg attende, mot kaien og far. Han fekk meg i bilen, og køyrde i full fart heim, Eg hiksta og gret for støvelen som var borte. Mor fyllte badekaret og fekk meg oppi, så eg skulle få varmen i meg att. Mor og far var takksame forat eldstejenta var i live.
Etterpå fekk eg vite at ein av arbeidarane til far; Angelskår ,hadde vorte så uroleg for meg, og hadde stått på spranget for å gå og leita etter meg.
Men den dag i dag trur eg at ein Herrens engel berga meg frå drukningsdøden den ettermiddagen. Det er trygt å vite at Jesus hjelper der menneske ikkje kan. :)

  1.                                                     

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar