Utmark 2




                                    Utsikt frå huset på Flossvika ( Gudmund utan lov)
Då me flytta til Flossvikjæ  vart det enno meir utmark. Det var brakjeland, med mykje eine og ymse slags lyng, små myrar med meir eller mindre væte,  eit og anna furetre og litt bjørk i krullar. Så var det older, sjølvsagt, Nordhordlands nasjonaltre . 
Det var mange myrar. Små vasshol, våte stader og tuver, myrull over det heile, ein stad der ein kunne hoppe frå tuve til tuve, og passe seg for hola og søkkjemyr. Det verserte grufulle historier om desse stadene blant oss ungane, om korleis  dyr og menneske hadde rota seg borti eit slikt hol, og heilt eller nesten kava seg under. For det var ikkje gagn i å streve for å komme opp att,  

Di meir du streva, di meir drog myra deg ned. Hende det at du slumpa nedi eit myrhol, så var du snar opp att, og torde ikkje fortelja det heime, men kunne nok skryta til vener om at du nesten hadde blitt sogen ned i søkkjemyra, og at du med nød og neppe fekk støvelen opp att.- Det nådde heilt opp hit-. Du viste på støvelen.
Utmarka var leikeplass og utforsking. Du gjekk dei gamle vegane og stigane, fylgde dyretråkk og vassa deg gennom underskog. På den tid var det mindre av det, for dyra som beita heldt skogen nedåt.  Dei mange turane   gav deg ei unik forståing av vekslande årstider, der du såg etter vårteikn og haustteikn, fann kvitveis og haustfarga blad, prøvde den sprøe isen på pyttane, eller smøygde deg fram under snøtunge greiner.
Du gjekk over rindane, og prøvde å klatre ned der det var brattast. Du var ein slags oppdagar, som undersøkte villmarka og erobra henne på ny, som generasjonar hadde gjort før deg. Etter deg vart det ikkje så mange, for eit tiår etter var den nye vegen gjennom Mundalsberget og den nye traseen frå Leiknes til Hillesvåg påbegynt, og min barndoms eventyrrike var rasert, gjennomskoren  av  breid          asfalt    der bilar køyrde i 80. 

To av bileta er lånt frå Gudmund Husdal si Facebookside utan lov . Copyright ? 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar