Siste etappe















Eg måtte vidare. Ein steingard kom i vegen, og den var vrien å forsere, for det var streng og piggtråd i enden, for å hindre at sau og ku kom over til naboen. Men det gjekk bra, bortsett for ei lita rift i buksa.


       .
No var lendet meir kupert, og  lia var brattare opp på båe sider. Det var i sanning V-dal, som me hadde lært på skulen. Bekken slynga seg fram, og mange stader var det reine urskogen å kome gjennom, der gamle mosegrodde og halvrotne oldrar  låg i bekkekanten, og av og til over bekken. Det siste måtte då prøvast, og eg balanserte over, utan å detta uti.





Ein stad kraup eg over, og kjende meg som eg dreiv på i regnskogen i Amasonas.
Langt oppe frå lia høyrde eg ungar som leika og lo. Det var spanande å gå nede i dalbotnen og vite at eg høyrde dei, men dei visste ikkje at eg var her nede!
Eg angra litt på to gaudaskiver i staden for fire. Men litt gauksyre og eit par jordnøter gav ny energi, og nokre nye skot frå ei lita gran stilte verste svolten.
Ei ny klopp, denne gongen i Leiknesmarka, der vegen fra Leiknes til Hillesvåg og Hjelmås gjekk i gamle dagar. Kloppa var stor og forseggjort, og ein kunne liggje å sjå ned i vatnet , både oppover og nedover. Eg prøvde å sende pinnar gjennom vatnet, og dei kom ut på andre sida. I denne delen av ferda vaks det mykje brakje.
Det var det treet korkje sau, hest eller ku åt, så den vaks fritt, og kunne bli stor. Enno ein steingard å klyve over, og så var eg i Hannisdalmarka.
Her kunne det vera fare for å møte hest, for dei hadde ikkje fått traktor enno, slik som fleire av bøndene lenger oppe. Hest var stor, farleg og uberekneleg, i mine tankar ein liten elefant å møte på oppdagarferda. Heldigvis gjekk dyret   på heimejorda denne dagen.
Bekken vida seg ut, og der såg eg Vågen... Eg kjende hjarta slå litt ekstra. Målet var nær.



For å nå  heilt fram måtte eg gå under brua. Høgt der oppe var ho, og her nede var eg. Umåteleg stor, med digre pillarar. Eg fekk knekk i nakken av å sjå opp.  Ein bil passerte, og eg kjende det dirra i underlaget. Nokre folk passerte over brua, men dei såg ikkje meg. Eg kjende ei sitrande spaning: her er eg, heilt åleine, og oppdagar verda.
Litt  til, nokre skritt, og eg var ute i Vågen, og kjende støvlane seig nedi gjørma. Frykta for  søkkjeleire vart for stor, og eg snudde og klatra opp den bratte skråninga til storvegen.
Eg hadde klart det! Eg hadde utforska bekken, og funne for meg ukjent land! Britt Hagesæter alias Livingstone skritta med store steg heimover. Men mor vart ikkje informert om dette heller. Nokre store oppdagingar må ein ha for seg sjølv.
Men det vart eit halvt langebrød og to glas mjølk til kvelds, og søvnen var god.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar