Vi gjekk ofte i bad på Flossvika. Då måtte vi gå gjennom garden til ho Aslaug og Martin, før vi kom til utmarksleet, og gjekk ned til den vesle bukta der det stod nokre naust og eit par hytter, i tillegg til at det var kaiplass for nokre sjarkar.


Det var som så ofte i Vestlandsviker, litt småstein å forsere før ein kom ut til sandstranda, og utanfor der låg marabakken, ei sagnomsust linje for oss borna, der det gjekk bratt ned, og i vår fantasi kunne ein då bli sugd ned i djupet for all tid. Me heldt oss godt unna den, og syrgde for at mindre småsysken fekk del i lærdommen.
Før eg kunne symja ordentleg, var det obligatorisk med symjebelte, ei kvit anordning med kork? både på framsida og baksida, og som heldt deg flytande både på grunnt og djupt vatn.
Den dagen eg skal fortelje om var vi i bad, og eg trur eg hadde parkert yngre søsken på grunna, med trussel om å halde seg der.
Sjølv gjekk eg ut på odden, for eg hadde ein plan. 3-4 hundre meter lenger inne i vågen låg nemleg naustet til Myramannen, og eg hadde tenkt at å symje dit var eit passeleg vågestykke for ein tiåring.
Det heitte seg jo at når ein tok ut på lengre symjeferder skulle in ha fylgjebåt, men no hadde eg jo symjebelte. Det var av det sikre slaget, og eg hadde lese i avisa at folk hadde halde seg flytande  på opne havet i dagevis når dei brukte slike, så då måtte jo eg overleve den vesle biten bort til naustet til naboen, resonnerte eg.
Eg gleid resolutt uti sjøen,  sende nokre formanande ord til yngre søsken om å halde seg der dei var, og symde i veg. Det var jo alltid den risikoen at fisk kunne bita ein i føtene, men eg hadde jo ikkje opplevd det før, så då held dei seg vel unna denne gongen og.
Eit stykke bortover var det kaldt i vatnet, men det var moro å sjå landet frå sjøsida, ja eg kunne tilogmed skimte huset heime ein augneblink. Der var mor, og ho skulle berre visst kva dottera held på med akkurat no.
Eg forserte siste hytta, der dei sat ute og åt middag, men med ryggen til, så meg såg dei ikkje, Vidare bortover var det knausar, older og gran, og ikkje noko særleg spanande.



Eg kravla meg i land på støa nedanfor naustet, og pusta ut. Slik såg altså Flossvika ut frå denne kanten!  Den var så liten, og så langt borte. Ei sky kom for sola, og minna meg om at det var halvgått tur. Eg måtte tilbake!
Det  var litt tyngre no.  Eg kvilde litt på ryggen, og såg opp mot sola og skydekket, prøvde både ryggymjing og crawl, for å kome tilbake. til utgangspunktet. Det var langt, og eg var trøytt, men her var det berre å halde fram. Utmatta og sliten nådde eg Flossvika, og krabba i land. Eg hadde klart det!  Småsyskena hadde dreve med sitt, med krabbefanging og funne fine steinar og sjel, og hadde knapt merka eg var borte denne epokegjerande timen. eg fekk ta meg inn att i fred.
 Merkeleg nok var korkje mor eller far glad for bragden min. Eg fekk faktisk skjenn..
Men då eg fortalde om det på skulen var det litt større åtgaum blant vener. Dei hadde faktisk syn for
grensesprengande aktivitetar. :)



















                                                                                                                      



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar