Ein dam eg minnes


Bortafor huset, attmed vegen låg det ein liten sump. Den fylltes fort opp når det regna, og tørka ut i godver. Han kunne vere sigledam for heimelaga trebåtar av ymse slag, snekra i garasjen hos far når han ikkje var heime. Spissa med øks eller tollekniv, og sjølsagt var det banka på eit styrehus med 4 tomsspikar. Det var ein spikar til mast, og av og til ein spikar til å feste hyssing i fremst på båten. Vi laga kaiar av nærliggjande steinar, og hadde mang ei våt og koseleg stund, anten me dreiv fraktefart i Osterfjorden eller langsiktig mot Amerika.
Var det mykje vatn, kunne ein og bruka han til å måle djupna på dammen kontra høgda på gummistøvlane, og sjå kvar ein kunne vasse utan at det gjekk over støvlane. Av og til gjekk det over støvlekanten anyhow, fordi vi ikkje rekna med bølgjegangen når vi  vassa, eller var så uheldig at vi trakka på ein liten vippestein. Men då var det berre å tøme ut vatnet og halde fram. Ein tagde klokeleg om våte støvlar til kvelden, slik at ein ikkje skulle få forbod mot å gå ut att, og når mørket senka seg, så var det tid å fortelje kor uheldig ein hadde vore, og finne avispapir til å leggje nedi, så skorne  kunne tørke til neste morgon.

Sumpen hadde det klingande namnet Paddedammen. No er det ikkje så mykje padder på Vestlandet, men nok av frosk, men namnet skjemmer ingen. Kvar vår var det å følgje ivrig med for å sjå når den slibrige gjennomsiktige massen med dei svarte prikkane kom, og seinare ta seg minst ein tur kvar dag for å sjå utviklinga.  Dei svarte prikkane voks, og gelemassen svall opp, og ein dag så var den sprokke, og dammen var full av sprelande rumpetroll, som piska seg framover med den vesle halen sin.

Dei var morsomme å fange,  og dei krela og spratt og kitla i hånda. Mindre småsøsken måtte og få prøve, og dei ropa til, og ofte datt rometrollet på vegen eller på damkanten. Men ei pølse i slaktetida, eller eit rumpetroll til eller frå var ikkje så nøye. Det var mengevis att!

På skulen lærde eg om utviklinga frå egg til frosk, og læraren fortalde om ungar som hadde teke inn rumpetroll, mata dei og  sett på utviklinga frå a til å.  Det tende meg sjølsagt, så eg fann eit brot og sanka saman ein del av dei symjande krapyla og plasserte dei garasjen, litt unna moderens allsjåande åsyn.  Dei vart mata, og skifta vatn på, og voks som seg hør og bør.
(slik det kunne ha vore)

Men ein kveld når mor og eg hadde ein fortruleg prat, kom eg til å nemne oppdrettet i kjellaren.
Reaksjonen var hurtig, målretta og klar : - Du får dei ut snarast mogeleg! I vaksen alder kan eg jo fortså  utslaget, med tanke på 20-30 hoppande froskar i garasjen/kjellaren, men der og da var det ein tragedie. Draumen om å sjå utviklinga til dei søte små forsvann, forskarspiren visna, og ei ulykkeleg jentunge tutla til garasjen, fekk opp porten og henta dei ulykksalige rumpetrolla, som nok vart meir salige då dei vart tømt ut att i sitt rette element i Paddedammen. Dei vifta med halen og løynde seg klok av skade under næraste stein.
Vel ei veke seinare var dammen tørka inn. Eg  håpa dei hadde nådd fram til frosks mognad, og løynt seg i næraste myrhol før den tid. :)


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar