Sløyfe i håret


Vi måtte ha sløyfe i håret. Hadde du ikkje det, så var du ikkje ferdig kledd. Om du skulle ut å leike måtte du ha sløyfe, om du skulle på skulen eller butikken: sløyfa måtte på. Du hadde ei til kvardags, og ei til fest, i det minste. Mor hadde fire jenter, og kvar morgon var det å setja sløyfe i håret på dei alle. Så måtte hårdusken sløyfene sat i festast med klemmer, slik at sløyfa sat fast og kunne tåle slåball og paradis og klatring, og kva ein elles dreiv på med.

Det var stas når ein fekk samle nok hår i ei lita klype, slik at veslejenta fekk sitt fyrste bånd i håret. Då var ho fin, og alle skrytte!
Eg var misunneleg på syster mi, for ho fekk raude sløyfer. Med mitt raudbrune hår var det ikkje aktuelt med anna enn kvitt og blått. Eg drøymde om ein annan hårfarge, så eg kunne ha raud sløyfe

Dei som hadde fletter, hadde som regel ei sløyfe i kvar flette. Fint og praktisk.
Sløyfene var i min barndom raude, blå eller kvite. Dei vart kjøpt i passelege lengder i byen,, hos Kløverhuset, Sundt og andre klesbutikkar,
 Når eg vart eldre, vart bånda meir og meir brukt berre når ein skulle vera retteleg fin. Slik brukar vaksne kvinner sløyfene i dag.

Så var det over. Sløyfene vart ikkje  brukt lenger. Andre hårfasongar som ikkje krov sløyfe kom , eller hårklemmer som heldt håret på plass.
Då eg var 12 år brukte nesten ingen sløyfe, anna enn til fint bruk.

 I dag er sløyfe noko ein har om halsen, eller pyntar håret med til fint. Ein har syttandemaisløyfe og rosa sløyfeaksjonen i oktober.
 Elles er ordet teke over av veg- og bygningsbransjen .

Hårsløyfene som ein del av kvardagslivet for jentene vart historie.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar