Husavask



Det skulle vera reint til jul. Det innebar vask, sjøl om hovedreingjeringa ofte vart teken i lysare tider.
Det var vedfyring, og derfor var det nødvendig å vaske huset. At det skulle skje til jul, var eit ideal, men ikkje alltid det vart då, i den kaldaste årstida.

Det måtte førebuast. Ein måtte ha dekser, noko som ikkje vart kjøpt på butikken, men ein brukte gamle filler. Det var dynetrekk, gamle skjørt eller skjorter, ja til og med dei store unevnelege vart brukt, utsliten makko som var fin til å vaske med  Grønsåpe var den beste såpa, og om du ikkje hadde, måtte du kjøpe ho. Var det varmt vatn i springen, så var det fint, elles måtte ein varme vatn i store kjelar på omnen. Ofte var ein fleire til den store reingjeringsoppgåva. Då kunne ein vaske, og ein skylje.
Vi ungane måtte liggja lågt i terrenget slike dagar, om me ikkje var store nok til å hjelpa til. Som oftast var det ungepass, der ein måtte sørja for at dei var ute av sikt. Regna det, var det å sysselsetje på romma, elles var det greit å gå i skog og mark den dagen. Ein smurde mat og åt på kjøkkenet.

Middagsmaten var ofte laga på førehand desse dagane, betasuppe eller ertesuppe eller noko liknande, lett å varme opp og lett å ete.

Før ein starta på sjølve vasken, måtte ein rydde, polere, pusse og flytte på ting.
Ein tok ned bileta, og tørka støv av dei. Gardiner og portierar skulle på vask, Dei møblane som kunne flyttast, vart sett i eit anna rom,og resten vart flytta  ut frå veggene, og det vart lagt aviser over dei, over sofaen og tunge stolar. Bøkene i bokhylla la ein ut i gangen, etter å ha tørka av dei og rista dei for å få ut alt støvet. Ein tørka støv av pyntegjenstander, og pussa sølv, koppar og messing. Teak og malte flater skulle setjast inn med olje.
Ein pussa omnen, tok ut oska og smurde han med omnsverte.

Så  skulle  ein vaska taket, og der ein stod på gardintrapp, hadde laga  bukkar eller brukte stødige bord  og vaska taket, Vætte,først med vatn, vaska med grønsåpevatn, skylte så  og tørka over. Ein måtte vaske ein veg for ikkje å få skjoldar . Veggene skulle vetast nedanfrå, og så vaskast frå toppen og ned. Det var nødvendig å vaske stykke for stykke, og så skyllte ein med reint vatn.  To dekser, ein til kvar operasjon.




                                        (illustrasjonsfoto)


Golvet vart vaska nøye, både vaska, ein tok bort flekker, og skyllte. Ein burde ligge på kne og skure med kost, og så ta løvangen og vaske over til slutt.  Då møblane  var kome på plass, reine gardiner hengt opp og bilete og bøker igjen der dei skulle vera, då var reint, og det lukta reint
Og me tok av oss støvlane når me gjekk inn.


Eg tar kosten og vaskar nedetter veggene, etter å ha spraya litt vaskemiddel på moppen. Litt ekstra i krokane, og ein klut på flekkane, så er hovudreingjeringa over for denne gongen.
Med lite vedfyring og varmepumpe så er det greit. Vi bergar eit år til!




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar