Keivhendt. Frå 50-talet og i dag.


Å vere keivhendt, er ikkje arveleg, men dersom mor eller far er venstrehendt, er det større sjangse for at borna vert det. I gamle dagar var det ca. 5%, no er det ca. 10%, truleg fordi det er meir godtatt.
Sonen min var vel eit og eit halvt år då eg la merke til at skeia var i venstrehanda, at leikane vart styrt med same handa, og at han sparka ballen med venstrefoten. Så dominant som noko kunne vera!

Å vere keivhendt var ei funksjonshemming i min barndom. Du hadde vanskeleg for å skrive med penn og blekk, og alle reiskap, som saks, kniv, linjal, og blyantspissar var tilpassa høgrehendte.
Du kunne vera kor vensrehendt du ville, på skulen vart alle tvinga til å bruke høgrehanda til å skrive med, for det var vanleg. Brukte du venstre hånda til blyanten, vart du tidlegare slått, og på mi tid tvinga til å bruka høgre.
Om du greip med venstre handa, heldt blyanten i venstre og sparka ball med venstre, så galdt det ikkje, du måtte skrive med høgre.

No veit vi at  hjå dei fleste venstrehendte er høgre hjernehalvdel dominant, og dei høgrehendte har venstre hjernehalvdel som dominant. I venstre hjernehalvdel sit alle  "bokføringsfunksjonane" , medan høgre er den kreative delen av hjernen. Men eg veit ikkje om det er forska noko på korleis det verkar inn på lese- og skriveoppfatninga/ læringa.

 Kunnskapen om venstre og høgrehjernehalvdel var heller liten på 50-talet, så det var ingen som brydde seg om kva som hende i hjernen til eit lite barn når det vart tvinga til å  bruke den handa som ikkje var dominant. Nokon hevda  at det gjekk ut over leseevna eller manuelle ferdigheiter, så dei vart meir klønete enn andre.
Eg hadde ei syster som vaks opp under dette pedagogiske regimet, der læraren gjerne ville tvinge henne til å skrive med høgrehanda, enno ho var keivhendt. Men mor troppa opp på skulen, og forlanga at syster mi skulle skrive med venstrehanda. Sjøl i dei dagar hadde foreldra så mykje å sei at ho fekk ha blyanten i venstre hand, og teikna med same handa.
Men syster mi fortel at læraren samla klassen foran pulten hennar, og let alle sjå noko morosamt, nemleg kor det var for ei venstrehendt å  skrive med høgrehanda.  For ein sjenert 7-åring var det ikkje akkurat ein pedagogisk innertiar.
Ofte var det eit stort problem å skrive med penn og blekk. Det var ekstra lett å få kluss og blekkflekker, nettopp fordi ein skreiv "feil" veg.
 Mor kjøpte penn og pennesplitt for venstrehendte i Bergen,for å unngå dette, og deretter fyllepenn. Jamen trur eg at syster mi fekk saks og etterkvart potetskrellar også! Så her skulle det ikkje vera noko unnasluntring!


Ho lærde å strikke og sy, og slapp nok unna ein god del frustrasjon fordi mor var så konsekvent med at ho skulle bruke rette handa si. Ja, kanhende ho slapp unna ein del ulykker også, for keivhendte som brukar høgrehanda er meir klossete og slumsar meir, akkurat som me høgrehendte gjer når me brukar venstre handa.

 Det er mange dupedittar som er berre for høgrehendte i dag og, som kortmaskin, symaskin og boksopnarar.
Men eg veit at gitarar er å få for båe hender, og idag
 såg  eg på nettet at både videokamera og spillkonsollar er å få for venstrehendete!
Men syster mi fortel at det er vanskeleg å få tak i t.d stuttorv for keivhendte!


Visste du forresten at minst 3 amerikanske presidentar har vore/ er venstrehendte?  At både Jean d`Arc og Jack the Ripper brukte venstrehanda?
Her er nokre fleire? Kven kjenner du att? (Fasit ligg på Wikipedia).

Forresten så er 13. august " De venstrehendtes dag"over heile verda, om du skulle ha behov for å markere den.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar