Å gå til dampen



 
Gå til dampen var eit fenomen i mi tid. Det innebar mykje meir enn å berre sjå på baten som la til kai.
Båten frå bydn var  knutepunktet med omverda, med Bergen og bygdene innetter  Osterfjorden. Han kom innom 2 gonger for dagen, om morgonen for å hente folk og fe til bydn, og om kvelden for å avlevere folk og varer på kaiane.
Når du skulle til båten måtte du ha ærend. Du gjekk ikkje til båten utan det. Så då var det å påta seg handleoppdraget, og  ta med ei skriven liste  i notisboka over sukker, pålegg, brød og middagsmat. Ein burde være ute i god tid, slik at ein kunne gå innom butikken først, og så stå i ro og mak for å betrakte båten kome over fjorden og sige inn mot land.
Butikken var eit lite rom med lager. Du handla over disk, og måtte venta på tur, eller børt som dei gamle sa. Var det mykje folk sat du på benken og venta til du kunne handle. Du la fram boka, og jenta innanfor disken vog opp sukker, mjøl og det du elles skulle  ha. I dag hadde eg fått lov å kjøpe drops for 50 øre, så ho henta dropsspannet, auste nokre opp i den trekanta kvite dropsposen, og vog dei.  Brøda kom med dampen, så dei måtte du innatt og hente.
Så stod du der, og høyrde dampen bles i fløyta, sette ned farten og la inn til kai.
Var det Oster, kom det mørk røyk frå pipa, for han gjekk på kol. Dei nye båtane , Hosanger og Bruvik ,gjekk på damp, så dei var meir stillegåande. Det var mest stas med dei. Dei var nye og fine, større og finare, så det var meir moro når dei la til kai.
Matrosen kasta trossa, og medarbeidaren på land tok imot. Landgangen vart sett opp , og ferdafolket  steig i land, med ryggsekkar og nett fulle av ting som var handla. Nokre ungar var med, hadde kanhenda vore til  tannlegen i byen og gapte opp og viste hol etter tanna som var trekt. Mjølkespann, materialar, brødkassar og andre kolli vart heist på land, litt passiar mellom mannskap og medarbeidar før dampen bles i fløyta , bakka ut og fortsette innover fjorden.
Eg stod i kø for å hente brød, og fekk to langebrød og eit kneip som dufta herleg, og gjekk så innom for å hente posten, som og hadde kome med båten.
Postopnaren sorterte posten, og vi sat på benken, eller viss vi hadde kome seint, så stod vi i det vesle venterommet . Det hende nokon skulle ringe, og då måtte postopnaren, som også var telefonbestyrar, ekspedere dei først.  I dag var det Lina som hadde fått beskjed om å ringe heim. Ho stod og snakka om magesår og kyr som venta kalv, og vi alle fylgde med, som ei tidtrøyte medan vi venta. Ho  stod i  eit lite rom  der korkje dører eller veggar var isolerte, så mykje privatliv var det ikkje.
Posten opna, og vi vart ropt opp,  og Anders, Per og Helga fekk Bergens Tidende, Dagen eller Bergens Arbeiderblad alt etter foreldra sin politiske ståstad, og nokre fekk rekningar  og brev, og så  gav oss på heimvegen. 
Det dufta framleis godt av brøda, og kanskje vart det hol i sida på langebrødet på veg heim. Det smaka himmelsk! Var ein forsiktig, så gjekk ein under radaren, og mor oppdaga det ikkje.
 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar