Basar på bedehuset





Spente og forventningsfulle sat me der på første benk. Auga var fulle av gevinstane me såg opphengt på vegger og plassert på bord. Leistar og vottar genserar og dukar, hekleteppe og fruktkorger, heimebaka blautkake,  og så dokka i seng med rikeleg av klede. Det var mykje å ynskje seg, og å vente på.
 Men først skulle det vera tale, og i bedehuset var den lang, med oppmoding både til frelste og ufrelste.  Deretter var det oftast lysbilete, seinare film frå misjonsmarka, med halvpåkledde  menn og kvinner som hadde teke imot Jesus og vorte frelst, ungar som gjekk på skule, folk som vart døypt og framandarta  fuglar og dyr.  Kjekt det og, men vi venta og vreid oss..
Endeleg skulle basaren ta til. I mitt område  var det ikkje mat, så vi vart ikkje heft med det, og dei sveitte kronene vart fordelt på årekjøp. 25 øre for åra i mine første år, seinare gjekk det opp til både 50 øre og ei krone. Årene var smidd av tre, og hadde påskrivne  nummer, ofte med kopiblyant for at tala  skulle vere synlege lenge, så vidt eg hugsar 10 tal  på kvar åre. Etter avslutta omgang vart dei samla inn, og selde på nytt. Det var ei ære å få selje årar, og å få trekkje var og stas, nesten som å vinne.  Så vann dei då, gamle Oline vann  det fine babysettet, og  han Ove på fem år vann leistar store som eit vondt år.
Lått og morosame kommentarar vart det, medan det snigla seg fram til kveldens høgdepunkt : Trekking av bøkene. Der var dei finaste gevinstane, broderte kaffidukar,  strikkesett, hekla dukar, fruktkorga og ikkje minst dokka med klede. Bøkene hadde vore på rundgang i heimane, og nokre betrudde born hadde tråla bygda  for å selje lodd på desse vinstane. Om du hadde mist sjansen, eller hadde meir pengar å bruke, var det høve til å kjøpe fleire lodd før trekkinga.
Alle sat rolege og andelause, og venta i spaning på det store augeblikket.  Dei ungane som var mest frampå fekk trekkje, og så vart det nye eigarar til genserar og huver,  broderte juledukar, og ei stor og velfyllt fruktkorg.  
 Den store stunda kom: No skulle dokka trekkjast. Ho vart sett fram i all sin herlegdom, men blondekjole  og  strikka labbar, og med velutstyrt garderobe  med bukser, skjørt og genserar.  Vi flokka oss rundt, og held pusten medan nummeret var ropt opp, og den ansvarlege for boka leita seg fram til namnet på den heldige. Ofte var det menn i langt framskreden alder som vann, i alle fall hugsar eg det slik, og me ungane kunne ikkje skjøna  kva dei skulle med den vinsten.  At dei hadde barn og barneborn som kunne få han, fall oss aldri inn. Me svelgde vonbrotet, og  var med på avslutningsongen om å møtes hist ved floden, eller din rikssak Jesus vere skal, alt etter kva basaren var til inntekt for.  Vi hadde jo opplevd mykje, kor som var, og basaren var ofte snakkis på skulen dagen etterpå.




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar