Småskulen



                                                      

Skulen var organisert i småskule og storskule, der dei tre yngste klassane var små, og dei fire største var store. Dei små gjekk i bedehuset, og dei store i skulestova. 3 dagar skule, og 3 dagar fri, annankvar dag heime og på skulen. Dei minste hadde også fri når det var handarbeid for dei store, nokre veker kvar vinter. Då var jentene i bedehuset og arbeidde med sying og strikking, medan høvlebenkene fekk plass i skulestova der gutane var.
Småskulen var i storsalen i bedehuset, med portabel tavle og store pultar med plass til 2 stykkjer på kvar. Borda kunne skrus så dei kom i riktig høgde, og eg trur det var nedfelt plass til blekkhus på dei. Vi var 9 stykker som byrja i  førsteklasse saman, to gutar og sju jenter. Lærarinna vår var nyutdanna, og tok seg godt av oss små krabatane. Me fekk lesebok med hane på baksida, skrivebøker og reknebok, og så var strevet i gang.   Vi skulle skrive bokstavar og bordar, og tal, og etter kvart reknestykke. Eg streva litt med å lære å lese, og syntes slett ikkje det var lett å lydere meg fram til meining, med å trekkje lydar saman til ord.  Fridomstrongen var stor, og eg både hyla og skreik då mor ville ha meg med heim for å gjere lekser i staden for å fylgje med far på arbeid.
Men nettopp den gongen var det eg knekte lesekoden, og kunne for første gongen få lydane til skjønlege ord! Gleda var ubeskriveleg, og eg lyderte meg fleire sider fram i leseboka, og sidan låg eg alltid framfor  den daglege leseleksa. Det var spanande å lesa, og ei heilt ny verd opna seg for 7-åringen, ei verd eg enno oppdagar.
Tala gjekk lett, om dei ikkje alltid var så vakre å sjå til, og det var moro å rekne med pluss og etter kvart minus.
Å skrive var og moro, og eg hugsar eg fekk masa meg til å skrive min første stil allereie i første klasse. Noko litterært meisterverk var det ikkje,   men det var utruleg morsomt å få skrive ei forteljing, å lese opp det ein hadde skrive. Kommunikasjon heiter det visst.  Bokstavane skulle vere runde og fine, og det var dei ikkje alltid. Det var ikkje alltid dei heldt linjene ein gong!  Men litt etter litt vart det betre, og ein gong uti andre klasse skulle vi få skrive med blekk! Me fekk blekkhus med blekk i , pennesplitt og skaft, og trekkpapir til å trekkje vekk overflødig blekk. Så var det å prøve å få runde bokstavar, og unngå blekkflekker i boka.  Det siste var viktig, for når du hadde skrive 2 sider, kunne du gå fram til læraren og få karakter på skrift og orden, og korrigering  på urunda bokstavar. Blekkflekker betydde dårleg karakter på orden, så det gjekk mykje viskelær til å få vekk  dei verste klattane.
Det var alltid kristendom i første time. Me song, fekk høyre  historiar frå bibelsoga, og teikna det me hadde høyrt. Neste dag skulle me fortelje historia på nytt.
Friminutta var fylte av leik. Tikkjen, slå på ring, ulike gøymespel, ta eit steg fram, hoppetau, slåball og kva dei no heitte alle desse leikane me helt på med.  Ski og kjelke om vinteren, og etter kvart sykkel.
Hygiene hadde ein stor plass. Det var utedo, og påfylgjande vask.  Før me skulle ete måtte me vaske oss på hendene. Det gjorde me på kjøkkenet, og hadde såpe og handkle med heimanfrå, der dei stod frå ein dag til ein annan. Heile rutinen vart gjennomgått, vete først, så såpe inn, så skylje og så tørke seg. Deretter kunne ein gå inn å nyte medbrakt niste, som oftast ost, men pølse, egg og sardinar var og vanleg, og kunne bli bytt bort. Alle sat i ro, og oftast var maten kombinert med at lærarinna las ei eller anna historie  frå ei bok, før vi fekk gå ut til leiken i friminuttet.
   

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar