Donald



Donald Duck var eit blad me leste mykje i min oppvekst. Mor var interessert i at me skulle ha noko å lesa, så i mange år abonnerte  me på bladet, saman med Norsk Ukeblad og Allers. Eg lærde meg tidleg å lesa , og fann mykje glede av dei ulike sogene og figurane i Donald. Ingen snakka om amerikanisering, og  dårleg påverknad frå «over there». Dette var før 1968, før Vietnamkrigen, Marshallhjelpa var nett avslutta, amerikanarane hadde hjelpt oss å vinne over Hitler og nazismen, og var som eit broderfolk som leidde an i  modernitet og velstand. 

Donald Duck var stuereint, ei hjelp i leseopplæringa, og dei mange teikningane sette fantasien i gang.
I vårt hus måtte vi hjelpe til. Det var ein sjølsagt ting, nedervd gjennom generasjonar, og ei dygd av nødvendigheit i eit hus med mange born. Det dreidde seg om oppvask, golvvask, barnepass og handling. Det gjekk litt på omgang, først mellom nest eldste syster mi og meg, seinare vart oppgåvene fordelt på fleire. Ein vaska og ein tørka oppvask, eller ein forhandla seg fram til å ta heile vasken, og så ha fri frå neste.
Tysdag var bladdag, og var ein heldig, kunne ein få blada utlevert måndag ettermiddag, om dei rette var på jobb. Strateg som eg var, forhandla eg meg fram til  handling  måndag ettermiddag, og  tysdag føremiddag,  for då fekk eg blada først. Gjekk ikkje det, og mor måtte  eit nødvendig ærend på butikken, var forhandlingstaktikken å ta « heile oppvasken» mot å få lese Donald først. Anny, søster mi; var tre år yngre, og let seg overtale til det meste. Ja, det hende at eg tok motsett leid og, forhandla fram at ho skulle få lese Donald først mot å ta «heile oppvasken» , og så las eg bladet  på vegen heim.
Far hadde kjøpt sykkel, og eg hadde ein standsmessig liten sykkel, fin til å sykle på og hengje varer på, som langebrød, fisk og mjølkespann.  Den dagen Donald kom,  tok turen lengre tid. Eg utvikla ein fin teknikk til å skyve sykkelen samtidig som eg las. Litt svingete vart ferda, frå vegside til vegside, men både folk og fe ( hest og mjølkevogn), såg eg i så god tid at eg kunne korrigere kursen. Desse dagane var det ikkje tale om å sykle flatstrekkja over Hannisdalsgarden, nei, eg måtte få med meg Donald og Mikke Mus sine siste bravader, så eg bauta med fram oppover medan eg las. Så kunne Anny få bladet etterpå, og tru ho las det først.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar