Storskulen 2




                                                            


Bokutlånet var i lærarkammerset, og læraren var flink til å kjøpe inn bøker. Norsk barneblad gav ut årgangar av bladet sitt, og det kom mange forteljingar av dei som hadde gått der, eller bøker frå Samlaget.  Vi skulle låne ein gong kvar 14. dag, men leselysta var stor, så det vart nok lånt ut fleire gonger enn det, fordi vi masa litt, og fordi læraren gjerne ville oppmuntre til ekstra  lesing, for det gav seg jo utslag i skuleprestasjonar.  
 Ofte las han bøker på slutten av dagen, og  « Frostmoborna» og «Vesle Lord Fountleroy» gjorde inntrykk. Så når læraren hadde lest dei ferdig, lånte me dei , og leste dei på nytt. Hjortefot, Tom Sawyer, Snorre og   gjekk ned for fote både ein og to gonger. Nynorsk , og god språk .
Friminutta var leik, eller me sat på steingarden og prata. Vippen, slåball, kanonball, tikkjen, og ymse leikar rundt huset. Skuleplassen var liten, og steinane kom opp både her og der. Eg trur ikkje  plassen hadde vore grusa sidan den var ny.
Skulevegen var sosial. Me prata, leika og brukte lang tid, spesielt heim att. Til skulen var det om å gjera å koma fyrst, og å sitje å venta ei stund før læraren kom, repetere salmevers og katekisme, diskutere siste nytt …
Men heim att var det mykje som skulle undersøkast, som paddeegg, hoppe i søledammar og klatre i tre, snakke litt med folk etter vegen og langs vegen.
Siste åra gjekk skulevegen gjennom utmark mykje av tida. Det var greitt, men kyrne var av og til innpåslitne, og om hesten var slept med, så lika eg det lite. Desse dyra var så store, og ubereknelege.. Vi hadde ei nedsliten bu vi måtte innom, ta ein tur over gjerdet til nabobonden, plukke blomar og bær, diskutere og prøve krefter, krangle litt og  sjå om jentene var sterkare enn gutane. Alt tar tid.
Lonæ var eit fredeleg lite område der elva rann still, liljene vaks og oteren  sumde. Men haust og vår gjekk elva over breiddene, og då måtte du ha gummistøvlar for å kome over. Straumen vart først og fremst stri, og du måtte gå varleg over kloppa for ikkje bli riven med. Nokre gonger var elva så strid at bonden kom ned for å hjelpe oss over, og bar dei minste, som hadde for små støvlar til å kome over.
Høgtider vart  feira. Vi marsjerte før 17. mai, og trente så vi kunne fedrelandsangar og salmar utanatt, og vi var eit vesentleg innslag i 17. maitoget. Vi trente på hurrarop, og det var sjølsagt at flagget skulle haldast høgt oppe , ikkje slepast ned i søla. Det lærte me i småsulen..
Vi øvde også på julesangar,  og kunne dei fleste sangar og salmar,  og det var sjølsagt at vi song med under gangen rundt treet på dei mange julefestane. Eit år hadde 4 og 5 kor. Vi song mellom anna , og læraren akompangnerte på orgel. Eg fekk forresten beskjed om å mime, noko som gjorde sterkt inntrykk, og resulterte i at eg har vore forsiktig med å syngje resten av livet, anna enn i dusjen. Eit lite tap for det musikalske Noreg.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar