Kattar






Kattar var ein del av livet mitt. Den fyrste heite Tico Tico, og kom då eg berre var eit par år.  Ho var kvit med gule, svarte og grå flekker på eine sida. Ho var tålmodig, noko som var naudsynt. Med handtak ( hale)som eg av og til drog i, innpakka i dokkevogna eller kledd i dokkeklede fekk ho gå gjennom. Freste gjorde ho av og til, sprang unna, men det var sjeldan eg fekk smake klørne. Kattar har den forstand at ungar er ungar,  og er tålmodige, om dei veks opp saman.
Katta klatra, og eg klatra etter. Vi enda langt opp i treet. Katta kom ned, men eg sat att og vræla på mor.
Eg skjøna ikkje at mor ikkje var like begeistra, etter som ho hadde ansvaret for at kattane( etterkvart) fekk mjølk og mat, sjølv om dei laut drive ein del matauk sjølv, og finne mus og fuglar for å leve. Kattar gjorde som dei alltid gjør, dei vart fleire, og ein gong hadde vi 12 med smått og stort. Tico hadde etablert seg på garasjeskjykken, og da eg kom dit opp, fann eg 8 små nyfødde ungar. Gledestrålande sprang eg inn og fortalde mor om den fantastiske hendinga, og kunne ikkje heilt forstå kvifor ho ikkje var så glad. Då far kom køyrande heim om kvelden, sliten etter ein dags arbeid  med boring og skyting, var beskjeden klar : « Det kjem ikkje mat på bordet før kattungane er tekne!».  Alvoret  var klart, og eg måtte vise veg til kattebolet. Tradisjonen tru skulle eg få velje ein som skulle få leve, og då fann eg den eg tykte var finast, eit raudspraglut lite vesen, som då skulle leva,  og suge mor så ho ikkje remja og skreik etter dei som var borte.  Kattungane vart borte, og far fekk middag.
Det var framleis for mykje kattar i familien. Mor avtalte så smånigom med naboen som hadde hagle, å tynne ut bestanden. Vi ungane skulle ikkje  vite om det, men eg kom jo inn på garden til naboen  og såg eit kattelik. Det ligna mykje på Tico Tico,  men naboen nekta  for det, og eg godtok det. Han var jo vaksen!. Men Tico Tico dukka aldri meir opp, så han fanga vel  mus på dei evige jaktmarker etter den tid.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar