Realskulen i Alversund. Første året heimanfrå




120  stykke sat og sveitta i ein gymnastikksal.  Det var opptaksprøve til Norhordland interkommunale realskule, avdeling Alversund, og nå var det siste dagen.  Norsk skriftleg var gjort unna, det tok ein dag, rekning var utført og sirleg innført, og  no var der prøve i  historie, naturfag og landkunne, det som no heiter geografi. Gjennom desse dagane skulle 120 bli til 30, og dei 30 skulle på to år få kunnskapar  som tilsvara realskulepensum. Eg svarte etter beste evne, og leverte inn.
 Etter ein månad kom svaret : Eg hadde bestått prøven, og var mellom dei utvalde som skulle få begynne i første klasse. Då var eg 14 år, og litt kry over å kome inn direkte, utan framhaldsskule, som var det vanlege.
Matematikk, fysikk, norsk, engelsk, tysk og handarbeid , bokføring og gymnastikk stod på timeplanen,  så her var det berre å arbeide. Det var mykje nytt, og eg som hadde vore flink i matte, måtte plutseleg leggja meg i selen for å hanga med. Fysikk var vanskeleg, og det vart mest pugg.  Eg lærde leksa utanatt, og når eg vart høyrd, ramsa eg opp leksa. Nå kom det vel med at ein hadde lært salmevers tidlegare. Tysk var nytt for alle, men det galdt å lære grammatikk. Heldigvis hadde eg godt grunnlag, for vi hadde terpa grammatikk på folkeskulen. Siste åra var grammatikk ein time kvar veke. Så vi hadde plassert ordklassar og analysert hovud- og undersetningar til den store gullmedalje.
Engelsk var det verre med. Vi skulle hatt det  på folkeskulen, men læraren var gamal, så han lærde oss litt, men mest brukte han grammafon  ( platespelar), og linguaphonekurs med plater. Så eg var litt bakpå i dette faget, og måtte arbeide, særleg med uttalen. Norsken var grei, men det vart meir resonnerande oppgåver, som ein ikkje skreiv på folkeskulen.  Eg valde dei forteljande, om det var råd.
Bokføring var og ei greie. Du fekk oppgitt ein case med utgifter og inntekter, og skulle føre opp med debet og kredit, og dersom det stemde, så skulle rekneskapen gå opp. Mykje strev for ei som ikkje var så ryddig i hovudet.  Heldigvis var det ikkje berre meg som hadde det slik. Det verserte historier om folk som hadde både 10 og 20 tusen i minus, og måtte ut og leite seg gjennom sine sirlege kolonnar for å finne feilen.
Gymnastikk har aldri vore mitt fag, og  linjegymnastikk var ei plage. Når andre hadde hendene oppe, var mine nede, og omvendt, og når me skulle lære folkeviseleik, hadde eg ikkje ti tommeltottar, men føter som absolutt ikkje klarde å halde takt og rytme. Sidan ingen legg hovudet på blokka friviljug, og heller ikkje legg seg på fakirseng om ein ikkje må, held eg nøye rekneskap på mulige unntak , der eg kunne sleppe å vere med. Meldingsboka vart mest til å skrive årsaker til fritak frå gym, sjølv om me vanleg vis måtte sitje på sidelina og sjå på dei andre.
Undervisninga var pugg, og kunne du pugge, klarde du det meste, og kom frå det med æra i behald. Lærarane dreiv mest drill, og eg hugsar vel mest når dei gjekk utanom pensum, og fortalde om fisketurar og fritid, viste seg som menneske dei og.
Han som var kristen, men reiste ut for å fiske torsk i regnver når han var skikkeleg arg. Då kunne han seie så mykje stygt han ville utan at nokon høyrde han.
Dei fleste elevane kom frå Radøy og Seim, og reiste heim med skulebil når dagen var slutt. Men vi var nokre som budde på hybel , og mor hadde teke unna at eg skulle ha middag, så eg budde på pensjonat i Alversund. Frukost, middag og kvelds fekk eg servert, og delte hybel med ei som heller ikkje kunne reise heim, for det var  vanskeleg å kome til Luro den gongen. Mi heimreis var og lang, til Isdal og deretter byte av buss til Kleivdal, der det ikkje var buss til Leiknes. Nokre gonger leigde mor bil til meg, andre gonger måtte eg haike, eller gå mesteparten av vegen. Vi hadde skule på laurdag, og mesteparten av siste time sat ein og tenkte på om ein rakk bussen. Noko ein alltid gjorde.
Det var hardt å reise attende søndagkveld. Eg gret og ynskte å vere heime, men  ein skulle  fullføre det ein hadde starta på, og å gje seg var ei skam. Så eg tørka tårene, svelgde gråten og tok til på ei ny veke, som gjekk greitt når du fyrst var i gang.
 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar