Snø



Store snøkrystallar fall gjennom lufta, og me ungane fanga dei med tunga, og saug dei i oss. Snø, alle ungars glede og tidtrøyte.
 Plutseleg var det så mykje å gjera! Me rulla snøballar med gras og stein inni, for den første snømannen måtte opp i år. Mor lika ikkje at me brukte gulrot til nase, det var misbruk av mat, men med pinnenase og armar, stein til auge og munn vart den gjev, og stod der og minna om at no var det vinter!  
 Skiene måtte prøvast om det berre var ein centimeter snø, og det gjekk strykande. Litt oppskrapte på undersida vart dei, men vi stod på ski! Kjelken vart henta fram, og  drog seg fram mellom grastuster  og  store steinar, og det gjekk så fort, syntes me. 
Når det vart litt meir snø, gjekk me i Hannisdalsbakkane og akte, eller skreia, som det heitte på lokal dialekt. Heile grenda kom dit, for det var desidert beste staden for aking, og skigåing også, for den saks skuld. Slakk nedst, skikkeleg bratt øvst, men ingen bekk du måtte forsere eller sikte inn mot  ei klopp eller bru for å kome over. Nei , full fart  ned mot botnen av bakken, og så ein liten motbakke opp mot storvegen.
 Med godt føre kunne du nå nesten opp mot vegen, og det var jo siktemålet, i alle fall for større ungar. « Unna her,», lydde det både titt og ofte, ettersom kjelkane sette utfor, høgt oppe i bakken, eller lenger nede.  Nokon akte åleine, andre hadde småsysken som dei måtte ta ansvar for, og leie eller dra opp bakken, før dei sette utfor. Nokon sat berre på kjelken og såg utfor, tenkte og grunna,  og kjende på gleda over vinteren som var her, før dei igjen kasta seg på kjelken og ek . 
  Det yrde og krydde, og soda av oppfinnsomme påfunn, som å ake baklengs  eller binde seg saman i tog, noko som oftast enda i ei skikkeleg mørje. Ein liten krangel om kven som hadde raskaste kjelken, enda ofte opp i kappkjøring. Andre hengde seg på, og så lydde det eit mangstemt « unna her» før alle sette utfor, igangsett av ein startar som talde ned. Taparane ville ha omkamp, men til slutt var det ein  som stod att med raskaste kjelken. The winner of the day.
Skiturar starta utanfor huset, og det var berre å gå. Til høgre bortover mormors  ekre, nedover brattbakkane til naboen, klyve over steingjerde eller gå storvegen. Muligheitene var mange, og turane like så. Eg eksperimenterte litt med å ikkje  å ta av meg skiene når eg skulle forsere steingardane, men det var ikkje alltid så vellukka å stå ned av dei. Det resulterte i knall og fall og brotne ski, så det var enklast å ta dei av eller stå på skeivo ned, fann eg ut.
 Men ein skulle jo fram.  Bukserte gjennom småskogen, laga slalom, og i verte fall, la seg ned for å unngå kollisjon med eit tre. Men det var eit nederlag. Ein skulle jo stå på ski, ikkje dette! Ein skulle over kloppene, ikkje nedi elva.
Raudkinna og sliten kom eg heim att. Snø var moro!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar