Oppvask med nogo attåt





Å ta oppvasken var eit omgrep i min barndom, 15-20  år før oppvaskmaskina si tid. Det var eit prov på at du var blitt stor og kunne gjera nytte for deg, og ei avlasting for mor i hennar mange gjeremål

. Ein vaska opp etter alle måltid, sjølv sagt, men det hende at kveldskoppane stod til  dagen etter.
Du starta med å stå på ein stol og tørke knivar, skeier og gaflar, og avanserte så til aluminiumskoppar og seinare krustøy  og middagskjørel. Du fekk formaning om å tørke av på alle kantar, og om å vere forsiktig.  Kjørel var dyrt, og ein måtte handfare dei varleg! Når du så var den oppgåva verdig, og hadde lært å setje på plass dei ulike typane krustøy, så kom turen til det mest  ærefulle: Vaske opp! 

  Varmt vatn og Sunlightsåpe , med passe varmt vatn som i dei første åra var varma på komfyren og spedd med kaldt til høveleg lunka.  Klut, som i dei første åra var filler etter utgåtte klede, og så var det å vaske koppar og kar inni og utanpå. Me brukte ikkje å skylje, men tørka av såpa med håndkledet. Det var oppvask etter kvart måltid , dag ut og dag inn: frukost, middag og nons, og av og til etter kveldsmaten. Glansen gjekk snart av det å vere stor og hjelpe til, sjølv om me ikkje måtte ta alle oppvaskar, og så vart det heile ei plikt, eit arbeid som du gjerne bytte bort mot andre, som barnepass eller handling, butikkærende. Heldigvis var det også skule annankvar dag, og då var det lite plikter den dagen.
Me var ofte to. Den eldste vaska, og den yngste tørka. Det var rangordninga. Det tok si tid, for det var verdsproblem som skulle løysast, og små avstikkarar til både eit og hint, men vart det for mykje og langvarig, vart vi minna om oppgåva av mor.  Kjelar var litt kinkige, med sauserestar og skover, men ein skrapa og gneid, og fekk dei som regel reine.  Det hende leiken tok over, og ein kopp eller tallerk vart knust. Då vart det stilt på kjøkkenet, og etter ein diskusjon om skuld og delaktigheit, så måtte brøden vedkjennast.  Det vart litt kjeft, men ikkje slik at det sit att som vonde minne.

Ei oppvaskstund kunne elles brukast til så mykje.  Sangboken var av og til med, og til tonane av « Han er trofast i dag som i går» , gjekk vasken lett og friskt. «Mellom bakkar og berg», eller «Småsporven gjekk i tunet» var og klassikarar, eller julesongar når sesongen var for det.  Trur songgleda var størst for ho som song, men no var jo ingen i familien særleg musikalske…

 Andre tider var det tid å utforske kjøkkenskapa, og finne svisker, kokesjokolade  eller rosiner. Ein trekte ut skuffene, og stod på dei eller kjøkkenbenken, og fann fram til godsakene i øvste skapet, der dei skulle liggja trygt for inntrengjarar.  Ein trong jo litt ekstra føde når ein heldt på.  Mor oppdaga det nok, og konfronterte oss, men  ikkje slik at vi slutta å klyve .

Lesehest som eg var, utvikla eg ein teknikk til å ha boka i kjøkkenskapet medan eg vaska opp.  Ho lente seg mot koppane, og så bladde eg vidare med våte fingrar. Det var ikkje lite bøker eg fekk i meg på den måten! Men oppvasken tok tid- . Det greiaste lesestundene med oppvask var når mor søv middag, for då kunne ein arbeide som ein ville og ta den tida ein trong.

Oppvaskmaskina kom i vårt hus ca. 15-20 år etter. Mor kjøpte den for den første lønninga si. Hennar betre halvdel var ikkje begeistra. Det fans jo anna å bruka pengane til!  Men då den første maskina tok kvelden 12-15 år seinare, var det han som kjøpte ny! Tidene forandrar seg…

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar