Utmark 1




                                               
Utmarkje  var eit omgrep i  barndommen min. Alle gardar hadde utmarker, der det vaks tre som kunne fellast til tømmer og ikkje minst brukast til ved. Det var mykje older, men og anna lauv og treskog.
 Dyra gjekk på beite i  utmarka,  både kyr og hest, og sau om våren og hausten.  Dessutan gjekk det snarvegar gjennom utmarka, frå det eine bygdelaget til det andre, stigar og kjerrevegar som gjorde  det lettare å omgås kvarandre. I utmarka vaks det bær, særleg blåbær og tytebær, og der sjølvefolket ikkje plukka, var det fritt fram.  Ikkje så mykje etter austnorske forhold, så ei to- tre liter vart rekna som god fangst. Eit av dei gode minna frå barndommen min   er da mor tok seg fri frå sying og småborn og plukka blåbær, og eg som eldstejenta var med. Det var uvant og godt å ha mor for seg sjølv, og ho hadde tid til meg, og fortalde om korleis ho hadde vanka i marka som barn, om blåbærstader og stiar ho fylgde den gongen. Me var heilt ute til leet ved Træet, og kunne sjå utover den vesle Leiknesjorda, ein stad  ikkje olderen  hadde vokse seg for stor.
Gjennom utmarka gjekk eg når eg skulle besøkje besteveninna mi, ho Oddveig. Det var ein skummel passasje gjennom granskog litt større enn meg sjølv, og eg måtte klatre over eit par gjerde, gå over gardsplassen til eit hus, men dei hadde ikkje anna enn høner og katt, så det var ikkje så farleg. Deretter kom eg ut på beite til dei på Tångjen,,  og det skumle der var at det var kyr. Dei unne komme deg i møte og både snuse og sleikje. Som regel sonderte eg terrenget, og sprang over rindane eller bakom haugen om det var fare på ferd

                                                      

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar