Med far på arbeid



 

                                                                              
Far hadde Opel Blitz. Den bruka han på arbeid, og til arbeid. Me var mange søsken, og det var for å lette mor at han tok oss med når han skulle ut å gjere noko. Ofte var far heime og åt middag midt på dagen, om han ikkje arbeidde for langt unna,  og tok nokre av oss med på ettermiddagen. Han laga husagrunnar, skaut ut kjelder og laga veg.
 Vi vart plassert inni bilen, men noko av det gildaste me visste, var å sitje på lasteplanet, godt plassert i et av hjørna, og med hendene godt rundt lastekarmen.» Hald dykk godt fast», lydde det når han løfta oss opp. Vinden blæs i håret, og du hadde god utsikt. Køyrde me forbi vener, hende det nok at me gløymde fars formaning og vinka, men var snare til å halda oss fast att.   
Vegen var smal og svingete, med «» som ein køyrde ut på om nokon komi møte.  Var ein for langt unna, måtte ein rygge.  Vedlikehaldet var så som så, så etter regnskyll  var det mykje hol, dei såkalla vaskebretta som gjorde at det hompa ekstra for dei som sat på planet. I mi fyrste tid hadde vegarbeidarane sykkel, og for etter vegen og skrapa sand frå kanten ned i holene, om ikkje det ein og annan gongen kom ein bil med ny sand til å fylle i. Karane hadde ord på seg for å vere trege og ta mange pausar, i følgje far og hans omgangskrets.
Vi kom fram til arbeidsplassen, og far dreiv med sitt. Vi måtte hjelpe til om det var slangar som skulle dragas på plass, setje på kompressoren, og viss det var småtteri som skulle berast til arbeidsstaden.Det kunne vera eit stykke å gå, for utmarksvegane var ikkje designa for bilkøyring.
 Men stort sett var ettermiddagen vår, til å utforske nærområdet, anten det var ei bratt utmark, eit badeområde, eller ungar å leika med i nærleiken. Å få ei krone var stas, og det var nok litt mas om det frå tid til tid. Då kunne ein oppsøkje næraste  butikk, som kan hende låg ein time unna, kjøpe seg snop og knaske det i seg. Stundom arbeidde han i nærleiken av slekta, og me oppsøkte syskenborn, hoppa i høyet eller bada i elva, leika i dokkehus  og  utforska ., lekte tikjen eller gøymespel, …Det var alltid noko å finna på .
Eg hugsar ein gong han dreiv på i ei utmark. Det var vel ein husagrunn eller ei kjelde som skulle skytast ut. Han hadde bora jevnt, og det var mange hol. Eg hadde vore med heile dagen, og vi hadde ete niste og bada i ein kulp. Far hadde lagt  lagt dynamittkubbar i hola, lagt dekkje over,  og eg fekk beskjed om å springe langt vekk, bøye meg ned og gøyme meg , noko eg og gjorde. Vi visste sprenging var farleg, og at vi måtte fly unna, den respekten fekk eg inn tidleg. Far ropa « Varsku her, fyr vere her» , og trykte på det vesle utløsarmekanismen. Eit dundrande brak, fjellet for til himmels, og så var det lukt av krutrøyk og synet av sprengd stein. Oftast gjekk det bra, for far var flink, og la mykje oppå, spesielt viss det var rotaberg eller nær hus.   
Etterpå  hadde eg  ei fin stund, og samla skyteledning. Det var leidning som hadde farge, og som vart brukt til å seriebinde antenner frå kvart hol. Eg sleit den laus frå under steinar, og vatt den i hop. Dei kunne brukast til mangt, både å binde saman og å lage smykke.  Eg var populær på skulen etter ein dag  når eg hadde med skyteledning, og nøye med kven eg delte med.
                                                                        

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar